torsdag, januar 30, 2014

Dagbok 2014: 30.januar

Klokka er 17.30, temperaturen er minus 1,5 grader C og vi har framleis fint, lettskya vêr, utan nedbør. I dag hadde vi sol i fleire timar, meir og mindre, men sidan det ikkje var heilt klårt var ikkje sola så sterk.
Føremiddagen gikk til diverse arbeid, Nils fekk på plass ved ute og KOSTA plenen for sagmask -med piasavakost!!! Å ha sagmask liggande på graset er å be om trøbbel, for den isolerer slik at telen blir verande i jorda og ein får isbrann.
Eg vaska og styrte på inne og fekk dampen opp etter ei stund.
Eg er ein skikkelig frostpist og vil helst vere nær omnen. Etter at vi hadde ete "lunsj" og slappa av litt, tok eg med sjølv i nakken, kledde godt på meg og så gikk vi tur opp Storebakken og ned på Kiwi og handla litt. Eg hadde putta lommeboka i lommen på vona vi fann ut at vi måtte ha noko. Etter kvart vart eg varm og fekk i gang blodomløpet. Men den dørstokkmila er lang.
No skal eg snart lage middag. Det vart middag i går også, litt seint men godt.
Elles driv eg og strikkar på sjalet mitt, det viser seg at det var meir arbeid enn eg trudde med det tynne garnet, men eg strikkar opp det garnet eg har, og så får det vere nok-uansett storleik. Eg har eit trekanta sjal som eg har kjøpt, men har aldri tenkt over kor stort det eigentlig er.
No er det bekmørkt ute. Nils fyrer i omnen-godt å ha ved!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Vi fyrer også, koblar ut varmepumpa om dagen. Temp ute ca 0 grader +-, så sola varmar nok opp lufta ute, sjølv om ho ikkje kjem her før om 3 veker. Det blir spanande å sjå om vi får snøen i febr/mars. God helg!

Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...