Potteplantane har det bra inne i varmen og det har eg også.
Klokka er no20.27. temperaturen ute er minus 6 graderC, og det er klarver. Bra for dei som vil sjå månen.Det har vore litt av ein dag. Eg sov nesten ikkje sist natt , men eg var tidleg oppe likevel, og er har ikkje sove etterpå heller, men er ikkje trøtt i det heile tatt.
I dag skulle Solveig komme inn til meg -og handle mat -gjekk eg ut frå. Men då ho kom hadde ho alt kjøpt det ho skulle ha, dvs. mat til meg. Og ho hadde kjøpt rikeleg så eg reknar med at eg er forsynt ut året-eller er eg det ?
Solveig kom frå Hareid og der var det ikkje snø, men her var det snø, steinhard og frosen snø, så Solveig måtte ta spaden fatt, såpass ho kom seg ned på tunet. Men det gjekk bra.. Ho hadde med seg kaker også, så vi hadde .kaffimat. Men ho skulle ikkje vere så lenge i dag, ho har vel litt å styre med heime hos seg sjølv også. Men no treng ho ikkje kome så ofte til meg, men den 18 skal vi til Ulsteinvik igjen med høyreapparata mine.- Resten av dagen har eg sete og strikka på ein lest..og sett litt på nyheiter.
Erlend , guten til Margrete som bur i kjellaren min, har fødselsdag i dag, akkurat ein månad før julaftan.
Eg likar ikkje kulden, så eg håper det blir litt mindre kaldt framover.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar