Klokka er 20.30, temperaturen ute er minus 3 grader C, og vi har hatt enda ein strålande dag, utan ei sky på himmelen. Men framleis er det veldig kaldt om natta og på morgonen.
I dag var vi i villreie om kvar vi skulle ta vegen, så det blei ein tur på Rjåneset. Sitteplassen i enden på ruta var oppteken, så vi rusla berre rundt litt. Vi møtte eit par som Nils kjende frå "hamnemiljøet" og vart ståande å prate lenge. Det kom litt kald vind etter kvart, men då vi kom heim att sat Marit ute i solveggen og las, så eg gikk opp og forstyrra henne ei stund. Stilt og varmt her.
Til middag hadde vi ferdigkokt påskeskinke med soppsaus frå pose etc. Veldig lettvint, men godt. Etter middagen reidde eg opp senga mi på altanen og sov middag der, med bok på øyret. Eg har både pledd og dyne i kassen på altanen, så eg passar på at eg held varmen.
Hadde berre knipsekameraet med meg ut i dag, og i dette vêret er det heilt greitt. Frå Rjåneset har eg lagt inn mange bilde gjennom heile året, så det fåre vere med eitt i dag. For dei med ørneblikk, kan det vere mulig å sjå eit tjeldepar på steinen nærmast sjøen. Eit lite vårteikn er det no.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 21.desember
Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
2 kommentarer:
Her vart det restar m.m. til middag. Karane som kom frå fjellet var skikkeleg kakesvoltne også!
Det vae bra. Her held vi oss unna kaker-mest mulig.
Legg inn en kommentar