Klokka er 19.00,temperaturen er +1 grad og det har vore enda ein strålande dag. Eg er glad for finevêret vi har hatt i påska, særlig med tanke på alle dei som ikkje har heilårsferie.
Vi har nettopp hatt oss ei runde på Vallabøen, og kom heim for ei lita stund sidan. Då var sola nettopp vekk, så når vi går over til sommartid, har vi sol til klokka halv åtte.
Nils var oppe i gryotta i dag og for ut for å fiske. Han kom heim att før klokka 10, då hadde han fått nok fisk. Han likar ikkje å få så alt for mykje å sløye og filetere i gongen.
Vi var ein tur nedover og handla, så åt vi småsei til middag, og eg la meg på solsenga og sov middag. Etterpå låg eg ei stund til og las i lydboka mi.Den er ein skikkelig pageturner.
No ligg huset til Ingunn og Peder på FINN.no. Dei som kjøper huset, gjer eit varp etter mi meining. Det er i god stand.
Eg har problem med fotoapparatet, så i kveld tok eg berre med meg lommekamera. Og så streika det også. (Speilrefleksen virkar somme tider, andre tider ikkje.) Huset på bildet under, var eit heilt vanlig hus , som dei bygde på i funkisstil. Det ligg rett opp for Vikemarka skule, og frua i huset er frå Eid. Vi er mange Eida-jenter her i Ørsta! No blir det vel ein del TV utover kvelden.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar