Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust.
Vi kom nettopp heim frå ei nydelig ballettframsyning, der Amanda var med. Forestillinga bygde på HC Andersen sitt eventyr "Snedronningen". Der var tre profesjonelle dansarar med, eit ungt par frå Praha og ein av lærarane på ballettskulen som heiter Renata. Ho hadde også koreografert heile programmet og valt ut musikken. Mannen hennar er scenograf og i dag hadde han overgått seg sjølv. Han er fabelaktig og heilt proff han også. Sat og tenkte med meg sjølv at på Eid har dei opera -her har vi ballett. Opera og ballett på landsbygda i Norge! Det er ikkje dårlig ! Vi var i lag med Margrete og Ingeborg.(Foto:Arne Ola Grimstad.)
Nils fekk ikkje sett opp omnen i kjellaren i dag, for han som skulle kome og hjelpe -han kom ikkje. I morgon kjem det ein annan som skal hjelpe med å få alt på plass.
Eg fekk endelig laga Mor Monsen i dag, så no skal eg ikkje lage så mykje meir. Men skal steike krumkaker i alle fall.
Elles har eg vaska til helga, så eg er bra i rute. Vi kjem truleg til å vere på Hareid julaftan i år også.
I dag hadde vi steikt sei til middag av fisken som Nils fiska før i veka. Det er noko av det beste eg veit, enda så ofte vi har det.
Så vil eg ønske alle ei god helg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 17.september 2026
Denne blomsten har eg kjøpt sjølv for å ha i den fine skåla som eg fekk på bursdagen min- Det blir nok enda finare når blomstrane sprett me...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

2 kommentarer:
Ja, kulturlivet blomstrar ute i distrikta, og no i desember er tilbodet ekstra stort. Ekstra kjekt å vere publikum når barn og barnebarn er med og underheld. I dag blir det krumkake-steiking på meg også. Ønskjer dykk begge ei fin helg!
Veit ikkje om det blir krumkaker her i dag,går og ventar på ein som skal hjelpe Nils med omnen. Og så kjem vi ikkje i sving med noko,
Legg inn en kommentar