torsdag, desember 06, 2012

Vêrmelding 06.12. 2012

 Klokka er snart 19.00 og eg høyrer på TV at det kalde,fine vêret skal halde fram. Akkurat no er temperaturen her oppe i bakkane minus 9  grader C. Eg veit at det er kaldare nede i sentrum.
Leigebuaren held ikkje varmen så godt med varmepumpe, og ho har heilt sidan ho flytta inn ønska seg vedomn. Sidan der har vore omn nede før, er det ikkje så stort problem, så Nils for nedover før middag for å sjå på omnar. Eg støvsuga i heimen og gjorde diverse anna på føremiddagen.
Han ville ha meg med nedover for å sjå på omnen han hadde sett seg ut, og eg hadde lyst på biltur-var låk i ryggen, og då likar eg å sitte i oppvarma bilsete. Så då vart det to ønske som vart innfridde på ein og same gong.
Det var ein veldig ivrig og hjelpsom mann som ekspederte oss, så vi bestemte oss fort. Det er stor rift etter vedomnar for tida, så eg sa at han måtte sette omnen til side så han ikkje selde den til andre. "Eg skal ta ein lapp og skrive solgt på," sa han. "Du bør vel heller skrive SELT" sa eg. Nei, meinte han, det var lov å skrive SOLGT på nynorsk, han var gift med ei som var førskulelærar og ho var veldig oppteken av rettskriving, osv. Eg presiserte at i vår familie var det stort sett berre norsklærarar  osb..... NB: Eg var ikkje påståelig, men sa at eg ville undersøke når eg kom heim.
Eg ønska meg ein tur til bakeriet på Sæbø, der eg veit at mange kjøper kaker og brød. Og så var det ryggen, og så var det det fine vêret, så tur vart det. Utrulig vakkert i fjella der innover i dag, men neimen om eg ville ha budd på Sæbø om vinteren- "jag trivs best i øppna landskap."
Vi fann bakaren og eg kjøpte blant anna eit stort, rundt grovbrød som heitte Hjørundfjordbrød og var bakt i steinomn.
Måtte ein tur innom Amfi også, og eg fekk kjøpt EI julegåve. Trefte mykje kjentfolk, og under over alle under: Terje Kjøde, leiar i Mållaget for heile Møre og Romsdal (om eg ikkje tek feil)- det han ikkje veit om rettskriving er ikkje verd å vite. Eg la fram problemet om selt  eller solgt, og sjølvsagt hadde eg rett. Det heiter SELT, eller t.d. "omnen er seld". Eg likar ikkje å ta feil i rettskrivingsspørsmål, skal innrømme det. I følge Terje er ikkje dei nye reglane så rigide som det eg har blitt fortalt . Ein bør bruke Språkrådet sine ordlister, meiner han, dei er best oppdatert.
Då vi kom heim, åt vi kyllingen vi hadde raska med oss frå Coop, og så smakte vi på Hjørundfjordbrødet som smaka skikkelig godt.
Så fint vêr som vi har denne førjulsvinteren er det viktig å bruke dagane på det ein sjølve synest er kjekt og meiningsfylt, så sant ein har høve til det. I morgon skal Nils hente og montere opp omn. Han som har kjøpt nabohuset er heime på dagtid (arbeider skift) og han vil hjelpe til.
I dag kjenner eg tre som har bursdag. Vi gratulerer nabojenta med 2-årsdagen; Rannveig på Stårheim og Roger på Eid med dagane deira.
Det er vel Nilsmesse i dag, om eg ikkje tek feil, messedag for den heilage biskop Nikolaus frå Myra i Lille-Asia. Opphavet til Sankta Claus.

2 kommentarer:

solveig sa...

Du hadde sjølvsagt rett!
Eg meiner dette er beste ordboka. Her kan ein sjå alle bøyingar.
http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=selje&nynorsk=+&ordbok=nynorsk

arieldog sa...

Eg er einig med Terje og Solveig. Ordboka er oppdatert, og ein kan enkelt slå opp bøyingane av verb, til dømes. Mi erfaring så langt i bunkane er at elevane slit med problem med ordpar som vore/våre, skrive/skreve og vil/vill. Dette er feil som ikkje blir oppdaga av retteprogram, så rettskriving må framleis lærast.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...