Heilt sidan eg las denne boka for første gong for eit par-tre år sidan, har eg tenkt at eg skulle lese den om att. Hadde kjensla av at eg hadde lese den altfor overflatisk. Etter å ha lese den for andre gong, veit eg at det var rett.
Sidan veldig mange har lese denne boka, synest eg det blir dumt å skrive så mykje, men til dei som ikkje har lese den, vil eg seie ein ting: LES . Eg kunne ikkje la vere å tenke på 1001 natt (som eg ikkje har lese) for også her finn vi ei rammehistorie og inne i denne ramma kjem den eine historia meir dramatisk enn den andre. Likevel trur eg at hovudintensjonen til forfattaren er å gi eit bilde av heimlandet sitt, India, og livet i storbyane der. Her finn vi grenselaus fattigdom, men også store rikdommar, tiggarar, prostituerte, korrupte politifolk, men også snille og velmeinande menneske. Eit persongalleri som overgår sjølvaste Dickens.
På slutten av boka kom eg til å tenke på desse russiske tredokkene, den eine inne i den andre, for kvar du opnar finn du ei ny. Her er ikkje berre mykje handling, men også mykje å tenke på. Vil du vite meir om boka, kan du lese på nettet.
No lurer eg på om eg skal sjå filmen også.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5.august
Klokka er no19.00,temperaturen ute er+18 grader C, det er overskya men opplett. Men det har nok vore regn sist natt også. Denne sommaren ha...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...

3 kommentarer:
Filmen er temmeleg ulik, og ein heil del enklare i komposisjonen. Den er likevel verd å sjå! Kanskje eg finn den på biblioteket i morgon og tek den med til deg.
Eg har sett filmen på Canal+. Den var gripande.
Eidabesta
Eg var berre så vidt innom biblio i dag. Fann INGEN bøker å ta med heim, og gløymde å sjå etter om filmen var inne.Har du bøker som eg ikkje har lese , så ta dei med, så kan vi rippe.
Legg inn en kommentar