fredag, august 19, 2011

Bok nr.47 - 2011: Slumdog Millionaire. Gutten som visste svar på alt.

Heilt sidan eg las denne boka for første gong for eit par-tre år sidan, har eg tenkt at eg skulle lese den om att. Hadde kjensla av at eg hadde lese den altfor overflatisk. Etter å ha lese den for andre gong, veit eg at det var rett.
Sidan veldig mange har lese denne boka, synest eg det blir dumt å skrive så mykje, men til dei som ikkje har lese den, vil eg seie ein ting: LES . Eg kunne ikkje la vere å tenke på 1001 natt (som eg ikkje har lese) for også her finn vi ei rammehistorie og inne i denne ramma kjem den eine historia meir dramatisk enn den andre. Likevel trur eg at hovudintensjonen til forfattaren er å gi eit bilde av heimlandet sitt, India, og livet i storbyane der. Her finn vi grenselaus fattigdom, men også store rikdommar, tiggarar, prostituerte, korrupte politifolk, men også snille og velmeinande menneske. Eit persongalleri som overgår sjølvaste Dickens. 
På slutten av boka kom eg til å tenke på desse russiske tredokkene, den eine inne i den andre, for kvar du opnar finn du ei ny. Her er ikkje berre mykje handling, men også mykje å tenke på. Vil du vite meir om boka, kan du lese på nettet.
No lurer eg på om eg skal sjå filmen også.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Filmen er temmeleg ulik, og ein heil del enklare i komposisjonen. Den er likevel verd å sjå! Kanskje eg finn den på biblioteket i morgon og tek den med til deg.

Hildegard sa...

Eg har sett filmen på Canal+. Den var gripande.
Eidabesta

Besta sa...

Eg var berre så vidt innom biblio i dag. Fann INGEN bøker å ta med heim, og gløymde å sjå etter om filmen var inne.Har du bøker som eg ikkje har lese , så ta dei med, så kan vi rippe.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...