fredag, august 19, 2011

Vermelding 19.august - 2011

No er klokka ca 13.45 og vi har ete ein tidlig middag, sidan vi var tidlig oppe i dag. Ute er det lettskya, litt sol av og til og ca +18 grader C. Fint ver egentlig.
I dag har eg styrt litt med matlaging. Laga opp ein stor porsjon kjøttkaker, sette på ei gryte med bruning til heimelaga saus, den får stå og godgjere seg i timesvis. Så steikte eg kveite til middag og laga remuladesaus til. 
Det har blitt nokre kveitemiddagar i løpet av sommaren, og vi synest det er godt med remulade til. Den vi får kjøpt ferdig er veldig feit, og ikkje spesielt spennande på smak. Det er ikkje så ofte eg har laga slikt i seinare år, så eg sjekka diverse oppskrifter på nettet, og kom fram til ei tilnærma sjølvkomponert som vi likar godt. 

For at det ikkje skal bli for mykje feitt, blandar eg majonesen med lettrømme i forholdet "lite majones og mykje rømme".
Så finhakkar eg sylteagurk av den litt søte typen.
Har i litt Dijonsennep og finhakka kapers.
Smakar til med frisk sitronsaft, litt salt og litt sukker.

Dette er ikkje ei "oppskrift". Synest berre det er kjekt å dele erfaringa med at det ikkje er ein heksekunst å lage slikt sjølv. Ein får jo kjøpt alt mulig i butikkane, og mykje er godt. Feilen er berre at det smakar heilt likt kvar gong.Når ein lagar maten sjølv frå grunnen av, kan ein smake den til etter si eiga tunge (og forhåpentlig andre si også). dessutan tek det ikkje så lang tid.

Bildet.I morgon skal politikarane stå på stand i Ørsta, og Per var her og henta utstyret til SV-standen. Dei måtte prøvemontere den, sidan Nils er den mest rutinerte på det.
Det er viktig at flest mulig er med å stemmer, og så må vi hugse at det er lokale politikar vi stemmer på, ikkje dei som sit på Stortinget.  Eg håper også  at dei som blir valde inn, røystar etter sitt eige program når sakene kjem opp i kommunestyret. Vi har dessverre sett fleire døme på at ikkje alle har gjort det.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...