torsdag, august 18, 2011

Vermelding 18.august - 2011

Klokka har passert halv ti. Temperaturen er +13 grader C, og det er delvis skya, delvis skodde og sola var her for litt sidan. Tok dette bildet frå altanen med det samme vi kom heim.
Før middag styrte eg med litt støvsuging etc. og så greidde vi å "reparere" den stasjonære datamaskina så den virka ei stund.Sidan vi ikkje hadde spesielle planar for resten av dagen, fann vi på å reise til Ulsteinvik og Trebåtfestivalen. Kika litt på båtane, litt i butikkane og såg på folkelivet. Heile Ulsteinvik lukta grill og kebab, og der var mat å få kjøpt over alt. Vi kjøpte ingen ting, men tok ein tur til Flø for å sjå havet. Der var det lettskya og mykje sol, så sikten var bra.
Sidan eg hadde med nokre filmar og aviser som skulle til Hareid, tok vi turen dit og drakk kaffi med Solveig og Øystein. Håkon og Olaug dukka også opp etter at dei hadde vore på fotballtrening. Det vart ein lang prat -Øystein har vi ikkje snakka med sidan FØR han reiste til Roma.
Å komme med bil frå Hareid og sjå Ulsteinvik i kveldssol er eit syn for gudar, berre synd med all skogen som veks langs vegen og stenger for utsynet.(Ein kan ikkje stoppe midt i trafikken for å nyte synet av havet og øyane...)Der som så mange andre stader. Gi meg ei MOTORSAG !!
Treng den forresten her på Vallabøen også, skulle gjerne ha sett fjorden litt betre! Og viss folk er så glade i skog, kan dei ta seg ein tur i skogsvegane. Det er lover som forbyr store tre i små hagar! Ingen av våre nære naboar, eller vi sjølve, har tre som sjenerer andre.Lat det vere sagt.
4.1.1 Nabolovens § 3
Nabolovens § 3 lyder:
"Er det ikkje nemnande om å gjera for eigaren, må han ikkje ha tre som er til skade eller særleg ulempe for grannen, nærare hus, hage, tun eller dyrka jord på granneeigedomen enn tredjeparten av trehøgda. Kongen kan gjeva nærare føresegner om målingsmåten. Hekk som er lågare enn 2 meter, er ikkje ulovleg etter denne paragrafen.
Hekk som lyt reknast for grannegjerde, går ikkje inn under denne lova.
Føresegnene i denne paragrafen gjev ikkje rett til å ha ståande tre som grannen har krav på å få bort etter § 10, jfr. § 2."
 Krukkehuset, det Solveig og Øystein budde første året etter at Einar var fødd.Den gongen var huset raudmåla.

                                      Trebåtar i Ulsteinvik.

Flø i 17-18-tida. Skulle vore der seinare på kveld og fått med oss solnedgangen. Fantastisk å sjå at dei driv jordbruk i stor stil der ute.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Vakre bilder og så heldige de var med veret! Sikkert interessant for Nils å studere dei gamle trebåtane.

Besta sa...

Der blir nok mange fleire båtar i morgon. Det var mest forholdsvis store båtar der i dag, skøyter og kutterar.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...