onsdag, august 17, 2011

Vermelding 17.august - 2011

 Klokka er 13.00. Temperaturen er + 19 grader C, det er lettskya, men blir stadig finare ute. Ser ikkje bort frå at sola kan kome fram.Det var vått i graset i dag tidlig, så vi tok ei handlerunde før Nils fekk begynne å slå. Først var vi på Europris, der vi raspa med oss mange gode og nyttige ting, så var vi på Amfi og handla mat på Coop, og til slutt vart det ein tur i gågata. Har funne ut at eg treng ein romslig serveringsbolle når vi er mange. Etter eit par mislykka forsøk på andre butikkar, fann eg det eg var ute etter på Landhandelen (ligg på FB)-der sel dei nye ting i gammal stil,til svært akseptale prisar.På heimvegen tok vi ein svipp rundt Storebakken, og prata med ein som driv og restaurerer båten sin.Vi var jo litt orientert på førehand sidan eg er "venn" med denne karen på FB. Eg blir etter kvart klar over kor nyttig FB er for å halde seg orientert om det som skjer over alt.
No durer og går plenklipperen ute, og eg må pakke ut og få på plass alt vi har kjøpt. Seinare må eg vel plukke hagebær. Det er ikkje det kjekkaste eg veit, akkurat.

                                           Kjøpt på Landhandelen for 179 kr.

Genial gryteskrubb med handtak, kjøpt på Europris. På Kongsberg har dei ein slik, og eg har brukt den der.Eg likar ikkje så godt å halde i slike skrubbar med berre hendene, så eg likte denne typen godt. W.kunne fortelle at dei var å få kjøpt på Europris, så då var saken biff. Ein pakke inneheld skaft+3 skrubbar.Men kanskje er det ikkje så mange som er så gammaldagse at dei skrubbar kasserollar etc.(Eg har ei aluminiumspanne som eg brukar til melkemat, og den vaskar eg ikkje i maskin.)

2 kommentarer:

solveig sa...

<eg må innrømme at det er lenge sidan eg har skrubba ei panne her i huset ... Stålpannene skrubbar vaskemaskina, og dei andre har sleppbelegg. Men eg kjenner til problemet med å få tak i gode gryteskrubbar. Eg har berre gitt opp ...

Besta sa...

Eg har brukt stålskrubbar i åresvis, også på vaskar og på komfyren. Dei riper ikkje. Problemet er at eg likar dårlig å halde i dei når eg ikkje har hanskar. Fordelen med skaft er at eg slepp det.Eg har god tid, derfor skrubbar eg ofte stålpanner etc. for å få dei blanke og fine.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...