Klokka er snart halv to. Temperaturen er + 18 grader og det er skya opphaldsver, slett ikkje så gale.
I dag ventar vi berre to gjestar, så eg har dekka på kjøkkenet med voksduk og det heile. Solveig tek ofte bilde av dei fint dekka borda sine, så no kan de i alle fall sjå at det er ikkje meg ho har det frå.I dag er bordet (som vanlig) dekka i det som eg meiner er pinsefargar, kvitt og grønt. Men sidan den liturgiske fargen for pinsa er raudt, har eg spedd på med ein orange valmue, sidan eg ikkje har noko raudt i hagen no. Valmuen skriv seg frå bestemor sin hage på Hildegard og eg har rikelig om det er nokon som vil ha ei rot.
Det er Margrete og Erlend som kjem i dag, Lars og dei to mellomste er på Eid på korpsstemne og Ingeborg hadde andre planar. Sende melding til Solveig om at dei kunne komme om dei ville, men dei var utan bil. Einar sin bil var på verkstad og så hadde han lånt foreldra sine på jobb i dag.
I dag tidlig var vi vitne til eit dyredrama. Ei lita kanin kom hoppande i veggrøfta, og så kom nabokatten og hogg tak i henne. Hadde ikkje Nils sprunge ut og brølt så hadde nok katten tatt livet av henne. Trur ikkje kaniner er spesielt glupe, men ho hadde no vit å stikke av mens ho hadde sjansen.
Viss de lurer på kva eg serverer til middag, så er det kjøtkaker i brun saus. Har mykje mat i frysaren, men ikkje alt er like snart å tine opp. Her er Erlend i sin nye cowboyhatt.
1 kommentar:
Godt at kanina berga livet. Det er ofte born som eig kaninar.
Legg inn en kommentar