onsdag, juni 15, 2011

Vermelding 15.juni - 2011

Iris og Rosa Moyesi
 Klokka er snart halv fem. Ute er det overskya, opplett og + 15 grader. 
I dag fekk eg endelig unna ein jobb som eg eigentlig skulle gjort i fjor haust, men då kom vinteren så brått. Eg reinsa teppa på stova og i gangen. Nils var ned til Målar-Olav og leigde maskin og kjøpte vaskemiddel, dessutan måtte han hjelpe meg å ta fram dei tunge møblane og få dei på plass igjen. Dei skinnmøblane som vi kjøpte i fjor er blytunge.
Elles så gikk alt bra heilt til eg var ferdig og gikk ut på kjøkkenet med "såpeføter" (gikk berrføtt mens eg jobba). Tenkte ikkje over at føtene mine var glatte, ja, som såpe, og pang der låg eg på det harde ,teppelause golvet. Slo med ganske kraftig, sjølvsagt på den vonde hofta, og eine handleddet er heller ikkje så bra. Men ingen ting er brote.Eg kom meg no på beina ved eiga hjelp, og fekk vaska golva på kjøkkenet og badet før eg gav meg. No har eg lege og lese lydbok, med dyne og varmeteppe, for å hindre at eg blir verre. Skal jo på busstur i morgon.
Nils for nettopp ut døra, han skulle på møte på VØR i dag, så vi hoppa over middagen.Han får pizza der borte, nemlig. I går kveld var han og Hassan ut att med båten etter vaskinga, og fiska makrell, men den toler vel eit par dagar i frysaren.
I dag fyller den andre av døtrene til bror min 45 år. Hugsar så godt då ho vart fødd.Vi budde på Melle den tida, og mamma var på besøk.Vi fikk eit kort i posten frå Svein, der han fortalde at dei hadde fått jente nr.2. Det må ha vore dagen etter fødselen. Den tida hadde vi verken telefon, mobil eller data så nyheitene kom ikkje fram så fort som no.Eg hugsar at det var veldig varmt, Bodil skriv på sin blogg at det var + 33grader, altså litt varmare enn i dag! Mamma vart veldig rastlaus då vi fekk nyheita, så det varte ikkje lenge før ho var på veg heim til Eid.
Vi gratulerer niese "Strikkemor(o)" med dagen !

3 kommentarer:

solveig sa...

Godt du ikkje har brote noko! Vi får krysse fingrane for at du ikkje får (lang)varige mein ...

Besta sa...

Det er litt dumt at slikt hender. Men det seiest at dei fleste ulykker skjer i heimen-det er vel noko i det

arieldog sa...

Huff då - dette er eit mareritt, å dette og deretter få problem med handa eller hofta. Håper det går bra!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...