Etter tallause utfordringar legg eg denne oppskrifta ut på bloggen. Eg foreslår at den første som prøver oppskrifta, legg inn bilde.Det blir IKKKJE eg.Eg har prøvd å omsette oppskrifta til forståelig språk; det eg hadde skrive av frå eit blad, var svært lite pedagogisk.
Rør saman 250 gram margarin og 50 gram sukker til smørkrem.
Ha i 1 ts.kardemomme,ein eggeplomme og 1/4 liter lunka melk.
Smuldre 50 gram gjær saman med 1/2 kg kveitemjøl og arbeid det fort saman med smørkremen.
Kjevle deigen til ei lang pølse som du trykker flat med handa.(?)
Legg mandelmasse som ei stripe midt på deigen, brett deigen over, men litt av mandelmassen skal vere synlig.
Mandelmassen lagar du slik: Mal 100 gram mandlar, bland i 200 gram melis, ein eggekvite og litt vatn.
Form pølsa til ei kringle og legg den på plata. Lat den heve i ein time før du penslar den med eggekvite og steiker den på botnen av steikeomnenm (nedste rille?) ved "god varme" i 30 minutt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
4 kommentarer:
Eg ser på smørmengda at dette er ei festkringle! Eg trur eg har att malne nøtter frå Lidl.
No skal eg handle raud gjær og meierismør, så får vi sjå.
Eg er litt i tvil om uttrykka "bunnen av ovnen" og "god varme"-så viss du kan presisere det nærmare er det fint.
Skal prøve denne kringla. Sist eg laga kringle hadde eg litt tidsnød, så ho fekk ikkje heve seg nok før steiking - irriterande. Mor var ein meister å lage kringle, hadde det etter mor si. Nam, nam.
Eidabesta
Kom brått på at ein gong vi skulle lage kringle på skulekjøkkenet, visste ikkje elevane kva DET var!
Legg inn en kommentar