fredag, mars 06, 2009

Daglegliv i pensjo-heimen.


Som de ser av bildet , har Nils flytta ut------i garasjen førebels.Han fekk kjøpt seg rikelig med brukte garn, som han driv og ser over.Som de også ser , omfattar ikkje ryddesansen min garasjen. Eg driv derimot og vaskar og ryddar inne. No har eg vaska ned alle rom, med unntak av kjøkken og bad. Skal ikkje vaske tak og vegger der, før alle skuffer og skap er skikkelig vaska og rydda. Det tek si tid! Eg gjer det eg kan åleine først, og så blir det litt fellesarbeid til slutt. I dag har eg altså teke nokre skap og skuffer på samme tid som eg har baka seks brød.Det er eit bra dagsverk til meg å vere, og ryggen er nesten av. No skal eg sjå om eg får i gang walkmanen min, så eg får lese litt i boka mens eg ligg rett ut. I går kveld fekk eg den ikkje til å virke, så det spørs.Alternativet er å ligge på sofaen og sjå TV - det fristar lite. God helg til alle blogglesarane mine!

9 kommentarer:

solveig sa...

Då treng du MP3-en. Sei frå kva bøker du vil ha!

Besta sa...

No høyrer eg bok på data og legg kabal, då konsentrerer eg meg godt. Elles virkar spelaren sånn nokonlunde, men det er betre lyd på dataen.

Hildegard sa...

Jammen er du driftig, med meg blir det litt no og litt då. Må nok snart ut og vaske stoveglasa mot vest. Eidabesta

arieldog sa...

Koseleg bilete av pappa!!!

Janne sa...

Eg høyrde at Nils plystra i dag, det er verkeleg lyden av Starevegen!

Besta sa...

Ja, kanskje det er det som er Staresongen i Starevegen?

Elin sa...

Flott at de er våryre! Veldig koseleg bilete av Nils, og fin bakgrunn på bloggen. Historia til denne kringla har eg ikkje fått med meg, eg er visst litt sånn av og på, men ho er sikkert verd å prøve. Eg bakar og styrer så mykje på jobb at det blir lite heime med berre oss to. Graut og supper til middag...Veit eg må skjerpe meg, men jobben krev sin "mann" og så går det litt tid på syrommet. I dag skal eg på eit kor-seminar i Førde i lag med Rygg songlag (no damekor), vi er med i eit utviklingsprogram, og den fantastiske dirigentdama vår skal ha enda meir utdanning på direksjon. Så då blir det vel inneliv i dag og.
Ha ei fin helg!

STRIKKEMOR(O) sa...

Koseleg bilde av Nils i garasjen! Eg synest no de har det bra ryddig der og. Her blir det ikkje så mykje vasking før etter påske. Vi driv og pussar opp stova. Er ferdige å male, men må vente til over påske før vi får sparkla/jamna ut golvet av fagmann og kan legge nytt golv. Vi har ikkje fått sola enno, men det er like før. Har ikkje sakna den så mykje i år. Tida etter jul har gått veldig fort.

STRIKKEMOR(O) sa...

Gløymde å ønske dokke god helg!! A og eg har ikkje høyrt noko frå Specksavers enno, så det blir ikkje tur i dag....

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...