lørdag, mars 07, 2009

Hoya Carnosa?







Denne planten har eg hatt sidan han var liten, dvs.mange,mange år.Eg veit det er ein Hoya, men etternamnet er eg ikkje sikker på. Det finst visst veldig mange variantar.Det norske namnet er Porselensblomst.Det har ikkje vore så mykje blomster på denne planten, men så fann eg ut kva eg gjorde feil:eg klipte vekk dei lange bladlause greinene.
Det er nemleg der blomsterklasane kjem, og no står han klar med elleve godt utvikla klasar, og fleire blir det nok etter kvart.






3 kommentarer:

solveig sa...

Eg har fått avleggar, og håper at min blir like fin ein ong!

arieldog sa...

Nokon som kan ta avleggar til meg? Eg har hatt slike ein gong i verda, men det er lenge sidan...

Besta sa...

Avleggar skal du få, dei er ikkje vanskelige å få til, men veks ikkje så veldig fort.

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...