fredag, februar 04, 2022

Dagbok 2022


                                             Akkurat no -frå altandøra.

Klokka er no ca 17.00, temperaturen ute er + 1 grad, og eg reknar med at det er regn som kjem få himmelen akkurat no. I går kveld såg eg på temperaturen rett før eg la meg, då var det +6 grader og snøen smelta i ein viss fart. Eg rekna med at det skulle bli ein grøn dag i dag. Men, nei, temperaturen hadde gått under 0 og det som kom og la seg på vegar og tun, var snø. No har temperaturen gått opp att litt, så no regnar det.

Avtalen var at Einar skulle komme innover i dag, så eg bruna saus og skrella poteter før eg gjekk laus på fredagvasken. Måtte støvsuge litt også, for det blir litt rusk når ein fyrer med ved. Eit par gonger fekk eg sjå litt av sola i dag-litt surt å tenkje på at vi eigentleg skulle hatt sol heile dagen.

Men så vart Eiksundtunnelen stengt på grunn av ei ulykke og då kunne ikkje Einar kome som planlagt. Dei rekna med å opne opp før kl.17, så no er Einar på veg. Sist han var her åt vi middag klokka 11, det blir litt seinare i dag-men han kjem.

Eg orka ikkje å moke snø i dag, for foten min er ikkje bra, og ikkje ryggen heller, men Einar meinte at han skulle få bilen ned på tunet uansett. Eg ser kor dumt det var at vi bygde garasjen der han står no, lenger ute i gata har dei vore lurare, og sett garasjen med opninga opp mot gata. Men på "kartet" vi såg på kommunen, var garasjane teikna inn slik som vår står. Dermed må vi moke heile tunet for å komme ut. Sidan eg ikkje ville ut med bilen i dag, måtte eg lage middag av det eg har i hus, men det går bra. Eg prøver no å ete unna litt, for alle fryserar er fulle av allslags mat. No ser eg fram til at Einar skal komme. Betre seint enn aldri.

Ventetida har eg brukt til å øve på spanskleksa og til å sjå på TV. Har ikkje strikketøy i dag, men det kan no hende eg kan få litt meir ut av garnrestane som eg har. Må ha noko på hendene når eg ser TV.

Det er fredag kveld og eg ønsker alle ei god helg.

torsdag, februar 03, 2022


 Komande veke skal eg presentere storfamilien vår for deltakarane på spanskkurset-på spansk sjølvsagt. Eg har laga meg eit manus, som eg heile tida forbetrar. Men eg må kunne det utanåt, får ikkje lov av Eli å stå og vifte med papir. Det er faktisk mykje verre å snakke utan manus - særleg på spansk. Eli har bildet på sin laptop som ho har med seg. I går var det to andre som presenterte sine familiar, og eg trur eg skal greie det vel så bra. Eg jobbar med det.........



Klokka er no15.45, temperaturen ute er +4 grader, det er overskya , men opplett. Snøen smeltar stilt og roleg, det går ikkje fort, men trappa kjem i alle fall til syne i dag. Bilen står i garasjen , med snø på taket.
I dag var det trening, og om torsdagane er det Marit som plar køyre, men i dag vart det Taxi igjen. Eg orka ikkje å begynne å moke tunet enda ein gong. I dag var eg forresten nesten heilt bra i foten, så for den del.......... Vi får ikkje gratis taxi før vi får frikort, og no er det lengre veg dit enn før. I fjor låg grensa for frikort på ca. 2000 kr, i år er den flytta til ca.3000. Men om vi får frikort, så må einkvan betale. Det som er litt rart er at både Marit og eg må betale full pris. Det er vel "Pasientreiser" som får nyte godt av det. Vi kan ikkje bestille drosje sjølve, det må fysioterapeuten gjere.
Eg hadde ikkje planer for dagen då eg kom heim, men bestemte meg for å lage ei grønnsaksuppe , og det gjorde eg. Eg tok og så og sjekka svineribba som eg hadde salta. Eg skar tynt opp og steikte. Den var heilt fin, berre altfor salt. Det var eg budd på, så viss eg skal ha den attåt ball, så må eg vatne den ut. Der er mykje kjøtt på den. Eg trur vi snart må ha ein skikkeleg ballj/klubb dag.
Etter middagen såg eg siste episoden på RÅDEBANK, så no veit eg ikkje kva eg skal satse på.
Eg tok meg ein liten time og jobba med spansken, det er ikkje så vanskeleg å lese og forstå ein tekst-men det er vanskeleg å lage teksten sjølv.

Til 80-årsdagen min for snart 2 år sidan, fekk eg to store samanplantingar med barna mine, ein til å ha ute og ein inne. I inneplantinga var ein stor flamingoblomst som har vakse og blomstra heile tida, der har sjeldan vore mindre enn 5 blomster om gongen. No er det ingen , men planten er grøn og frisk , så eg håper at det kjem fleire. Kanskje den treng ein pause etter 2 års blomstring

No når eg er bra i foten, kan eg vel snart begynne å rydde i vaskekjellaren såpass eg kan få inn ein ny tørketrommel. Det er litt tungt å styre med slikt åleine, men eg har no greidd det før. Eg har ikkje hatt lyst å køyre så langt med bilen min no når det har vore så ekkelt føre, men jammen klarer Yarisen seg godt på dårlege vintervegar, berre ein tek det med ro.

No må eg ta meg ei økt til med spansken før eg tek fram strikketøyet. Cada dia, seier Eli-

Margrete har kjøpt billett til meg og vil hente og bringe meg tilbake når VVS skal ha MUSIKAL den 15.februar- det ser eg fram til-


onsdag, februar 02, 2022

Bok nr. 3-2022: Sneen var ren


 Oslo, februar 1942: Med politiminister Jonas Lie og Quislings NS-regime som truende skygger i bakgrunnen, kjemper førstebetjent Engly Martinsen mot tiden for å løse sin hittil største drapssak.

Advokaten og NS-politikeren Jens Otto Helmersen ble funnet skutt og drept inne i sin egen hytte, men sneen rundt hytten var ren og urørt. Hvordan kunne drapet bli utført på den måten - og hvem kan ha begått det? Advokat Helmersen har etterlatt seg to voksne døtre, en ung elskerinne, en fraskilt kone og et nyskrevet testamente med oppsiktsvekkende innhold. Skal drapsmotivet søkes innenfor offerets nærmeste krets, i okkupasjonstidens harde politiske motsetninger - eller i uklare hendelser fra offerets fortid?

Martinsen forsøker å ivareta sin rolle som upartisk politietterforsker, men utsettes for et økende politisk krysspress. Samtidig må han uroe seg både for sin unge assistents nazistiske sympatier og for situasjonen til sine tre voksne barn. Etterforskningen skal snart gi ham flere nye etiske dilemmaer ...

Sneen var ren er første bok ut i en ny serie fra Hans Olav Lahlum, med handling fra Oslo under andre verdenskrig. Her veves historiske krimmysterier sammen med skjebnen til en politisk splittet familie.

...............................................................................................................

Lahlum er flink i historie, og tidskoloritten er ikkje noko å utsette på. Men for meg vart  boka kjedelig. Eg har lese mesteparten av boka på senga utan at den vart meir spennande av det.

Dagbok 2022: 2.februar

 


Klokka er no 17.10, temperaturen er 0 grader C og akkurat no er det opplett. Dette har vore ein litt spesiell dag. Eg sov lite sist natt, låg og tenkte på at eg måtte opp og moke snø tidleg. Det var i grunnen ikkje noko å stresse seg opp med, for eg hadde sett vekkarklokka på 7. Men eg vakna no lenge før det-utan at eg stod opp. Kl.7.30 var eg ferdig med frokosten og gjekk ut for å moke. Det hadde kome veldig mykje snø sidan eg moka i går. Eg brukte vel ein halvtime på å få det såpass at eg kunne rygge bilen opp mot gata, så gjekk eg inn att og dusja og kledde meg om. Eg skulle vere hos legen kl.9.30, og eg rekna meg god tid på grunn av veg og føreforhold. Då eg kom ut og skulle ta bilen, var den full av snø så eg måtte koste den. Men eg kom meg av garde og køyrde langsomt nedover, det var det ein kalla blindeføre, men eg kom meg på plass utan særleg problem. Eg slapp å vente så lenge på å komme inn på øyeblikkelig hjelp. Legen var ukjent for meg, men ei flink og grundig dame, som undersøkte alt ho kunne. Noko diagnose fekk eg ikkje ,men eg trur ho har rett når ho seier at det kan vere ein skade som eg ikkje har oppdaga. Ho ville bestille røntgen, som eg berre kan avbestille viss eg blir bra. Dei tok også blodprøver for å teste om det kan vere ein slags gikt. Typisk var det at foten ikkje var så hoven i dag slik han har vore ei heil veke. Blodpropp var det i alle fall ikkje. Eg har heile tida trudd at eg skulle bli bra av meg sjøl og det trur eg framleis.
Klokka var over 10 då eg var ferdig på Legesenteret så eg gjekk ned på Bakk-Ola og kjøpte meg ein kopp kaffi og øvde på spansken før dei andre kom til klokka 11.
Det var ikkje alle som møtte fram i dag, men vi fekk to nye elevar. Vi får vere gratis på Bakk-Ola, men det er innforstått at vi skal handle litt i kaféen. I dag kjøpte eg eit stykke med pizza, slik at det liksom skulle vere middag. Pizza og kaffi kom på 50 kr. På hotellet betalte vi 125 kr kvar gong, då fekk vi kaffi og te+ eit smørbrød.
Då å skuledagen var slutt gjekk eg opp på haldeplassen for å ta bilen heim. Eg overdriv ikkje når eg påstår at den var dekt med minst 20 cm smø, så det var å koste igjen. Parkeringsområdet var ikkje moka i det heile tatt, men eg kom meg laus. Stoppa og handla litt på KIWI før eg køyrde heim. Orka ikkje å moke meir så eg tok sjansen på å køyre gjennom snøen og inn i garasjen. Det gjekk heilt fint. Eg såg at trappetrinna var nedsnødde, men eg gav blaffen. 
Eg kokte meg kaffi og sat ei stund og halvsov franmfor TV-en til kaffien rann ned på genseren min. 
I morgon skal vi på trening og Marit har bestilt taxi, eg hadde tenkt at eg skulle køyre, men eg orkar ikkje tanken på å stå opp tidleg for å moke. Dette vart mykje snøprat, men eg er så dritlei av dette veret. Tenkjer på at no skulle vi hatt sol heile dagen viss det letta opp- Eg har ikkje gjort noko fornuftig etter at eg kom heim, berre lagt i hop ein klesvask. Det går bra å tørke klede i vaskekjellaren ei stund, til eg få omrømt meg og køyrt bort på EL-kjøp.


Slik ser ei umoka trapp ut! Vi hadde ein vanleg snøspade som eg ikkje finn att, snøskufla er ikkje god til dette.

tirsdag, februar 01, 2022

 

                                                             Akkurat no i Starevegen

Klokka er no 18.25, temperaturen er ca 0 grader og det snør. Marit hadde høyrt på vermeldinga at det skulle snøve til det gjekk over i regn-men det lavar framleis ned. Eg las i dagboka mi for 1.februar i fjor, der stod det: I dag har vi hatt sol heile dagen. I år har vi berre så vidt sett lyset av sola.

I dag hadde vi bestilt taxi til vi skulle på trening, vi stod i garasjen til Marit og venta, og vi hadde tenkt å gi opp då taxien kom  eit par minutt på 10, dei plar komme eit kvarter før, men vi fekk no trena i dag, og drosje fekk vi heim att også. Vi må begge betale full pris, men det går inn på kontoen som går mot frikort.

Då vi kom heim att, var eg berre så vidt inne og hadde på meg vottar og hue  og sette i gang å moke tunet. Eg heldt på i over ein time, då orka eg ikkje meir.

I dag ville eg koke risgraut til middag, og mens den kokte fekk eg lese heile Møre-Nytt. Etter at eg hadde ete, gjekk eg gjennom bladet Pensjonisten, der eg mellom anna las om Fritjof Nansen. Det blir så mykje TV for tida at eg får ikkje lese så mykje. Eg har ei bok som eg les på senga, så det går ikkje så fort unna. Tenkte eg skulle få lese den ferdig også, i dag-sidan eg ikkje har serie på gang.

I går sende eg brev til legen min og i dag ringde ho til meg. Eg skal få komme til "øyeblikkelig hjelp" i morgon klokka 9.30. Det betyr at eg må relativt tidleg opp og moke. Men så kan eg gå rett frå Legesenteret til Bakk-OLa der eg kan ta meg ein kaffikopp mens eg ventar på Spansken, den tek til kl.11. Når ein kjem på "øyeblikkelig hjelp" kjem ein ikkje til fastlegen. Det er 4. gong eg skal på øyeblikkelig hjelp med føtene mine, ein gong med kvart kne og ein gong med flåttbit. Foten verker ikke når eg sit i ro og ikkje har tronge sko. Fastlegen trudde det kunne vere ei slags gikt eller noko slikt-og då blir  det blodprøver igjen. Det bryr eg meg ikkje noko om.

Marit fortel at Janne og Even hadde sett leigebuaren min i går kveld, då moka han trappa mi -og tunet. Men det såg eg ikkje i dag. Det verste med mokinga i dag, var at det var vondt nede i foten fordi skorne var trange(Dei er ikkje trange til vanleg, berre når tærne er vonde og kanskje litt hovne).

I går strikka eg ferdig den nye erma på kofta mi og vaska den. Så no kan eg bruke den til kvardags igjen. Dei fine koftene mine brukar eg  berre når eg skal ut på noko. Eg synest det er kjekt å reparere når eg får det til, eg stoppar til og med lestene mine. No er det snart nyheiter og dei må eg få med meg.



mandag, januar 31, 2022

Dagbok 2022: 31.januar


                                     Dette bildet tok eg for mindre en 5 minutt sidan-

Klokka er no fire minutt på 5, temperaturen ute er 0 grader og det har kome mykje ny snø. Først på dagen såg det ut til at det skulle klårne opp, og vi skulle få sol. Slik blei det ikkje. No tenkjer eg på at viss eg skal på trening i morgon , så må eg ut og moke både i kveld og i morgon tidleg.

  I dag då eg stod opp var foten min heilt fin, men det varte ikkje så lenge. Eg sette meg til å skrive eit brev til legen min, det har ho sagt er heilt greitt. Eg ordlegg meg betre når eg skriv enn når eg snakkar. Så gjekk eg i dusjen og vaska håret, før eg kledde meg om. Eg tok bilen min og køyrde ned til Legesenteret og leverte brevet, men eg har ikkje høyrt noko enno. Ho er truande til ringe utpå kvelden-det har ho gjort før.

Sidan eg først hadde tatt laus og ikkje hadde andre ærend, tok eg like godt og fylte bensintanken på bilen. Det var visst på høg tid, for der gjekk mykje bensin innpå. Eg fyller alltid tanken heilt opp.

Då eg kom heim att var det så fint ver at eg skunda med å ha ut alle golvteppe på soverommet og datarommet. Dei romma får eg ikkje vaska utan det er opplett ute.Fordi der er så mange teppe. Eg rakk så vidt å få teppa inn att før snøen lava ned.

Eg leita i frysaren på kjøkkenet etter middagsmat, og i dag fann eg middagspølser og surkål. Poteter har eg i lageret mitt- Så det blei middag i dag også. Eg prøver å bruke av det eg har -for eg har ein tendens til å hamstre. No prøver eg å ikkje kjøpe så mykje, butikken er ikkje langt unna. 

Etter at eg hadde ete, sette eg meg til å strikke på jakke-erma som eg begynte på i går. No er heile jakka i vaskemaskina, så får vi sjå om den vart brukbar. Det ser no heilt fælt ut når ein strikkar med opprekksgarn. Den oransje kofta har i alle fall sett sine beste dagar. Men eg treng no arbeidsklede- har ein del av det, ja. 
Dagane går fort, og no skal eg lage meg litt kaffi, det er ikkje så mykje eg får gjort på ettermiddagane, og slett ikkje med ein vond fot.

No snør det tett ute, , i år har vi verkeleg "Come back"-vinter, det er kvite og grøne dagar på skift heile tida. 

søndag, januar 30, 2022

Dagbok 2022-30. januar


Klokka er no 15.50, temperaturen er så vidt over 0,det er lettskya og opplett. 
Og i dag har vi sett sola, vi såg litt ein dag før, men i dag skein den inn i stova i fleire minutt. Hadde det vore klårt, hadde vi hatt sol i fleire timar. I går kveld var det ruskever med hagl og vind, tora høyrde eg også. Men i dag var markene kvite igjen. Foten min var veldig bra med det samme eg stod opp, men heilt god er den ikkje.

Eg var ut i garasjen og henta inn ved, då såg eg at det var såpass med snø at eg måtte moke trappa og ein sti opp til gata, for eg venta Marit på besøk. Det er greitt å ha moka litt, for no trur eg det blir frost, det likar eg lite, men så får vi vel også sol.

På føremiddagen i dag, begynte eg å strikke ny erm på kofta mi. Marit kom ned  litt før klokka 13, så då hadde vi "formiddagskaffe". Eg set veldig pris på Marit. Ho er ei god venninne, og vi kan snakke om det meste, for ingen av oss fer med slarv.

Etter at Marit gjekk opp att, sette eg meg til å skrive eit utførleg referat frå styremøtet vi hadde på fredag. No må eg snart ta fram spanskbøkene mine og jobbe litt med leksa, for komande onsdag startar vi opp igjen. No skal vi vere på Bakk-Ola igjen, for på hotellet la dei på prisen.


Dette bildet tok eg gjennom vinduet på datarommet presis klokka 12. Her er sola i ferd med å gå bak Melshornet, men den kom att ein tur seinare også. Det var på tide med litt sol no.

Dagbok 2026: 5,oktober

Klokka er blitt halv seks på ettermiddagen og eg forstår ikkje kvar tida har gått,  eg har stort sett site i ein stol framfor TV-en og strik...