fredag, januar 30, 2009

Fråkopla i dag.




No er eg endelig online igjen etter å ha vore utan Internett i heile dag. Steffen leigebuar kom opp i kveld, også han hadde problem. Det blei til at vi måtte ringe Kongsberg, og no er alt i orden igjen.
I dag skein sola på dei nypussa vindua våre, som vi trudde var så fine...........................I går vaska eg den andre tredelen av stoveveggene, så no er det ikkje så mykje att før eg er ferdig. I dag hadde vi planer om ei lita handlerunde, men så blei vi så sløve, så det vart ikkje. Ikkje noko særleg vart gjort her heime heller.
På Kongsberg er det meir vinter enn her for tida, så eg set inn nokre bilde eg har fått frå Rasmus. Det ser ut for at E. kosar seg i snøen!
For dei som ikkje er kjende i Sandsværveien, kan eg opplyse at det er Rasmus og fam. som eig den kvite og blå garasjen. Den har same fargane som huset deira. Det raude huset bak E. er naboen sitt.

onsdag, januar 28, 2009

Bok nr.6.

Sidan eg ikkje kan strikke, blir det relativt mykje lesing for tida. No har eg lese enda ei krim-bok,også denne på berre 6 CD-ar.Eg har lese dei fleste av Jo Nesbø sine bøker, og er ikkje like begeistra for alle. Denne boka er heilt annleis enn dei andre. Meir elegant i forma og med ein sarkastisk undertone, noko som eg er svak for.(Det kan vere opplesaren som tolkar den slik!) For min del fungerer deler av boka som ein parodi på sjangeren. "Grisete" og brutale scener finn vi denne boka også, som i andre Nesbøbøker.
Eg vil ikkje skrive så mykje om bøkene eg les, andre må lese dei bøkene dei vil, og meine det dei vil.
Men kjem eg frampå ei bok som eg blir skikkelig begeistra for, lovar eg å seie ifrå.

tirsdag, januar 27, 2009

Våronn i Starevegen.


I går fekk eg nyss om at ein av naboane hadde begynt å rydde i hagen.Då fekk eg ei kjensle av at våren nærmar seg, og i dag tok vi til med våronn INNE.Vi har ikkje måla dei trekvite furuveggene våre slik som moten er no. Eg likar å ha dei slik som dei er. Så vaskar eg dei med Faxe-såpe for å halde dei lyse, men slår litt grønsåpe i vatnet for lukta si skuld.Sidan forma ikkje er som før, tek eg stova i etappar, så i dag vart denne kroken ferdig.Mest arbeid var det med bokhylla som vart tømt, teken fram, og vaska. Veggen bak vart også reingjort. Dette gjekk bra with a little help from my friend.
Ser at mange blir inspirert av innlegg om mat og handarbeid.Kanskje nokon får lyst å vaske no? Eller kanskje ikkje?

søndag, januar 25, 2009

Bok nr.5.

No har eg lese ferdig enda ei bok, også denne ein slags krim, men veldig original. Boka vert lesen i ein slags humoristisk/sarkastisk stil og det trur eg er rett.Helten, Fredrik, er ein slags McGyver-type som alltid finn ein utveg i dei håplause situasjonane han hamnar i.
I tillegg til krim-gåta får vi undervisning i tilverking av vin og blir kjende med mangfoldige franske vinmerke -kanskje noko for vinklubben i Kilsfjorden? Sidan Fredrik har dechiffrering av urspråk som hobby,får vi også eit innblikk i den minoiske kulturen på Kreta.Så dette er altså ei "lærerik" bok !
Eg har ikkje skrive noko om treffet på Hareid i går, så der får de ty til innlegga frå Solveig og Margrete.Eg hadde kamera med meg, men det var liksom nok knipsing.Ein koselig dag hadde vi i alle fall.

torsdag, januar 22, 2009

Bok nummer 4.

Dette er bok nr.9 om inspektør Erik Winter. Men kvar vart det av den unge, litt snobbete dandyen som shoppa i London og lytta til jazz? Når eg her møter att W. etter 15 år, er han ein halvsur og halvgammal mann med kone og to barn som han nesten ikkje har tid til. Sjølve historia er bygd opp av puslespel-bitar som til slutt skal danne eit heilt bilde.Men funkar det? Neppe. Boka blir langdryg og tildels ganske kjedelig. Eg likar langsomme bøker, men det er ei grense.
No lurer eg likevel på kva som har skjedd i dei 7 bøkene som ligg mellom dei to eg har lese.................
Under lesinga begynte det å demre for meg at det har gått ein svensk serie på TV som heitte Winter som eg ikkje gad å sjå.

Til lykke med dagen!

I dag fyller Astrid 89 år; ho har oppnådd ein høg alder.
Gjennom dei mange og førti åra vi har kjent henne, har vi lært å sette pris på henne for det hjertevarme mennesket ho er.Mamma var også veldig glad i Astrid, og her sit dei to saman på mamma sin 85 -årsdag i 1989.
Vi gratulerer med dagen!

mandag, januar 19, 2009

Sola er tilbake.


Her vi bur gøymer sola seg bak fjellet Mels-hornet nokre veker midt på vinteren, men i dag kom ho tilbake.At ho avslører skitne vindu og anna snusk, får vi prøve å oversjå og heller glede oss over strålane.Kanskje får vi meir arbeidslyst også?

Vil nytte høvet å gratulere Øyvind på Eid med dagen i dag!

Dagbok 2026 : 7.oktober

  Klokka er no 19.27, temperaturen ute er + 8 grader C, Og i dag har det vel stort sett vore opplett. Eg har knapt vore ute for døra, så eg ...