søndag, januar 25, 2009

Bok nr.5.

No har eg lese ferdig enda ei bok, også denne ein slags krim, men veldig original. Boka vert lesen i ein slags humoristisk/sarkastisk stil og det trur eg er rett.Helten, Fredrik, er ein slags McGyver-type som alltid finn ein utveg i dei håplause situasjonane han hamnar i.
I tillegg til krim-gåta får vi undervisning i tilverking av vin og blir kjende med mangfoldige franske vinmerke -kanskje noko for vinklubben i Kilsfjorden? Sidan Fredrik har dechiffrering av urspråk som hobby,får vi også eit innblikk i den minoiske kulturen på Kreta.Så dette er altså ei "lærerik" bok !
Eg har ikkje skrive noko om treffet på Hareid i går, så der får de ty til innlegga frå Solveig og Margrete.Eg hadde kamera med meg, men det var liksom nok knipsing.Ein koselig dag hadde vi i alle fall.

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg har lese tidlegare utgjevne bøker med kokken som detektiv. Eg har likt dei godt. Ein får/må vere med på eventyr.

arieldog sa...

Sikkert noko for mange av oss vinklubbdamer, ja! Skal hugse dette lesetipset!

Besta sa...

EVENTYR er rette ordet.Og det er litt herlig å berre gi seg ende over å vere med på leiken.Boka var på berre 6 CD-ar og lettlesen.

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...