tirsdag, januar 27, 2009

Våronn i Starevegen.


I går fekk eg nyss om at ein av naboane hadde begynt å rydde i hagen.Då fekk eg ei kjensle av at våren nærmar seg, og i dag tok vi til med våronn INNE.Vi har ikkje måla dei trekvite furuveggene våre slik som moten er no. Eg likar å ha dei slik som dei er. Så vaskar eg dei med Faxe-såpe for å halde dei lyse, men slår litt grønsåpe i vatnet for lukta si skuld.Sidan forma ikkje er som før, tek eg stova i etappar, så i dag vart denne kroken ferdig.Mest arbeid var det med bokhylla som vart tømt, teken fram, og vaska. Veggen bak vart også reingjort. Dette gjekk bra with a little help from my friend.
Ser at mange blir inspirert av innlegg om mat og handarbeid.Kanskje nokon får lyst å vaske no? Eller kanskje ikkje?

6 kommentarer:

Elin sa...

Så flink du er! Jau, vi må snart til pers fleire, men vil ha litt meir sol først.

solveig sa...

Kanskje eg skal tipse nokre andre i familien? Det vert no godt å få det lyst når ein skal vaske! Vindauga står for tur først!

Besta sa...

For det første er eg ikkje flink i det heile tatt, men glad når det er noko eg greier å gjere.Må passe på å få hjelp no før fiskesesongen tek til.Vindua våre ser ikkje ut!

arieldog sa...

Sånn sett er det godt at sola ikkje er koma, og når ho kjem, er det kjekkare å vere ute enn å sitje inne og sjå ut skitne glas.

Hildegard sa...

Du er flink og eg vart litt inspirert, men er meir typen som tek litt no og litt då. Vaska over golva i går og tykte at eg hadde vore flink. Gubben kommenterte at han kjende grønsåpelukt i huset då han kom heim frå jobb! Endå tre veker til vi får sola, men ein merkar godt at det blir lysare - også innomhus. Vindua tør eg ikkje snakke om!
Eidabesta

Besta sa...

Før for eg som ein furie og vaska heile stova på ein dag åleine, inkl.taket. No brukar eg minst tre dagar på veggene+ ein dag på taket. Sidan eg ikkje kan bøye meg, må alt foregå med mopp. Men det går det også.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...