fredag, januar 30, 2009

Fråkopla i dag.




No er eg endelig online igjen etter å ha vore utan Internett i heile dag. Steffen leigebuar kom opp i kveld, også han hadde problem. Det blei til at vi måtte ringe Kongsberg, og no er alt i orden igjen.
I dag skein sola på dei nypussa vindua våre, som vi trudde var så fine...........................I går vaska eg den andre tredelen av stoveveggene, så no er det ikkje så mykje att før eg er ferdig. I dag hadde vi planer om ei lita handlerunde, men så blei vi så sløve, så det vart ikkje. Ikkje noko særleg vart gjort her heime heller.
På Kongsberg er det meir vinter enn her for tida, så eg set inn nokre bilde eg har fått frå Rasmus. Det ser ut for at E. kosar seg i snøen!
For dei som ikkje er kjende i Sandsværveien, kan eg opplyse at det er Rasmus og fam. som eig den kvite og blå garasjen. Den har same fargane som huset deira. Det raude huset bak E. er naboen sitt.

3 kommentarer:

solveig sa...

Her var det 9 grader og vår i dag. Eg må til å skifte bilde på bloggen min. Men det er kaldt om natta. Vi trur at våren er komen, men det kan stå overraskingar i kø.

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg har ei utfordring til deg på bloggen min, berre viss du har lyst. Ha ei fin helg!!

Besta sa...

Såg utfordringa, men forstod ikkje korleis eg skulle telje meg tilbake....

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...