lørdag, januar 13, 2018

Dagbok 2018: 13.januar

Dette bildet er tatt av Marta Lystastad Johansen, som bur på andre sida av fjorden. Så slik ser Vallabøen ut frå den sida. Ho er forresten fotograf.(Hugs å dobbeltklikke på bildet.)

Klokka er 23.00, temperaturen har stige til minus 3 grader C; det er stjerneklårt og nydeleg vêr. Eg vart på Heimen litt lenger enn vanleg i kveld, for Nils var så vaken at vi kunne både prate og sjå TV. Ei av pleiarane ville absolutt køyre meg heim, ho bur i Olavsgata og har sett meg gå opp elva-vegen. Men eg VILLE gå. Kjenner at eg treng den mosjonen, hofta verker når eg sit for mykje i ro.
I dag trudde eg det var søndag-slik er det kvar helg: to søndagar. Eg sov dårleg og lite sist natt , men kom meg opp i vanleg tid. Lite vart gjort, men det var ikkje så farleg. Eg fekk rydda litt i huse; hadde tenkt meg opp på loftet med julepynten, men av omsyn til Nils og "barna" vil eg ikkje utsette meg for ulykker.
Bodil ringde og vi fekk oss ein lang og hyggeleg prat. Det er ikkje så ofte vi snakkar telefonen, men vi held god kontakt på data.
Margrete og dei to heimeverande barna skulle komme ein tur i dag, dei kom i 15-tida då hadde dei gått rundt Ròtevatnet i Volda før dei kom hit. Etter at vi hadde drukke kaffi og ete kaker, for vi alle ut til Nils.( Men først tok dei to "barna" og fekk julepynten opp på loftet.) Å seie at han var i storform ville vere å overdrive, men han var rimeleg bra i dag. Eg var der mens han åt kveldsmat, eg fekk kaffi. Eg kunne fått så mykje mat eg berre ville, men eg likar best å ete når eg kjem heim. Men i kveld gjorde eg Nils ei teneste; eg åt omeletten hans, for akkurat det greier han ikkje. Eg forstår han, faktisk.
Han hadde ikkje på TV-en då vi kom, men seinare såg vi mange program på NRK 1, eg gjekk frå Heimen klokka 22.35. 
Eg er ikkje svolten i kveld, men må sjå om eg finn meg noko saltmat.
I morgon fyller Roar Jarle, eldste sonen til Rolf, 50 år. Han og Margrete er fødde samme året.
Eg trur vi kan belage oss på rikeleg nedbør med det første-kjennest slik ut i venstre hofta mi.



fredag, januar 12, 2018

Dagbok 2018: 12. januar.



Desse bilda er tatt i dag klokka 12.00. Sola kryp stadig lenger nedetter fjellsidene, og neste veke skal ho kome til oss, og vêret  held seg fint.

Klokka er no 22.15. Temperaturen er minus 3 grader og vêret er fint. Eg kom nyss heim att frå Ørstaheimen, brukte ikkje lang tid på heimturen i kveld, for då eg kom ned på vegen var det ein som stoppa og spurde om eg ville sitte på heim; eg kjende ikkje mannen med det samme, men tok sjansen. Det var ein av nærmaste naboane, men det er første gongen eg har sete på med han. Dermed gjekk eg glipp av kveldstrimmen, men det var godt å kome heim i ein fart sidan eg var litt seint ute. Vart verande på heimen litt lengre enn vanleg av ymse grunnar.
Nils ringde heim på føremiddagen, då var han i kjempehumør.  Då eg kom ut til han i 16.-tida var han meir laber; men han åt opp all middagen sin og virka OK. Håkon kom innom ein tur og det var no kjekt. Etterpå sovna Nils og sov ei god stund. Og då han vakna var han ikkje i form. Men han kom seg til etter kvart, så vi kosa oss med opptil fleire TV-program i lag. Eg gjekk frå Heimen kl.22.10, men heimturen vart ikkje lang.
No har eg fyrt i omnen og skal ete og kose meg litt åleine.
I dag før middag fekk eg vaska bad og kjøkken, så denne veka vart det fredagsvask.
Så hadde eg ei kofte som eg strikka til meg sjølv før Nils flytta. Solveig hadde lova å montere den, men det mangla litt på at den var ferdigstrikka. Så i dag tok eg meg på tak og gjorde det eg skulle. Sat og strikka midt på blanke føremiddagen, med lydbok på datamaskina. Heilt til det var på tide å besøke Nils. 
Dagane mine er nokså programmerte men eg har nokre timar til eigen disposisjon når Nils er på Heimen, det hadde eg ikkje då han var heime. Men så hjelpelaus som han er no er det ikkje råd for meg å ta vare på han her, sjølv om eg gjerne ville det.
Så ønsker eg alle ei god helg!

torsdag, januar 11, 2018

Dagbok 2018: 11.januar

Klokka er 21.55, temperaturen + 3 grader, det er fint lettskya vêr og opplett. Har inntrykka av at det snart er berre her på Sunnmøre vi har fint og heilt normalt vêr. Til denne tid har vi hatt fint vinterver, og det er veldig bra for meg som fer og vandrar kvar einaste dag.
I kveld gjekk eg heim litt tidlegare enn vanleg, men når eg har vore hos Nils i 5 timar trur eg at han har fått nok. I dag var han i rimeleg bra form, så han var vaken det meste av tida, eg sov heller ikkje. I løpet av den tida eg er der får han to måltid; middag og kveldsmat. Eg får mat viss eg vil ha, men som regel takkar eg nei, vil heller ete heime. I dag hjelpte eg til så han fekk barbere seg, mellom anna.
No er det eine sjefs-sjukepleiaren som har overteke øyredryppinga, så vi håper det blir orden på hørselen.
Eg måtte ringe til Nils etter at eg var komen heim og fortelje kva Einar skriv på FB. Nils er veldig spent på korleis det går med han oppe i Alta og kva han jobbar med. Elles ringde Rolf i kveld, og det liva opp med ein prat med broren. Nils har alltid vore meir interessert i "folk" enn eg, så han likar å høyre om alt som skjer. Eg er meir slik at eg går i mi eiga boble, eller har ei bok på øyret.
I dag dreiv eg med litt husarbeid f.m. klesvask m.a. Men så fann eg ut at det var ein passande dag for vedkløyving. Garasjen er tom, det var ikkje kaldt, og eg mangla opptenningsved. Lurte litt på korleis eg skulle frakte ved-sekkene når eg ikkje kunne bruke trillebåra. Men kva kan ein bruke snø-mòkebrett til ? Det gjekk heilt fint-og no slepp eg å streve med å få fyr i omnen. Brukar sjølvsagt varmepumpa, men når det er skikkeleg kaldt må ein fyre med ved.
Då eg gjekk ned til Nils i dag tok eg ein omveg om Kiwi og kjøpte nokre nye roser, slik at eg kunne kassere den visne buketten med godt samvit. Eg har alltid lyst å kjøpe noko å ha med meg, men det er ikkje mykje han vil ha. I dag kjøpte eg druer og det var populært,  han kan ikkje ete for mykje av den sorten på grunn av diabetes,men  litt må han no få lov å smake. 
No skal eg legge i hop ein klesvask, og så må eg vel ete litt. Matstellet mitt er sånn passelig.....men om kvelden smakar maten best. Eg har rikeleg mat i huset-innkjøpt før jul!

onsdag, januar 10, 2018

Dagbok 2018: 10.januar

Klokka er 22.20 og det er ein time sidan eg gjekk frå Ørstaheimen. Eg måtte sjå litt på "Farmen kjendis" før eg kunne skrive blogg. Ingen stjerner på himmelen i kveld, men det var fint likevel, opplett og +3 grader C. Tidlegare i dag var tempen oppe i +7 grader, men isen smeltar ikkje verken på vegen eller trappa
I dag før middag var eg litt flittig. Eg støvsugde alle teppegolva, vaska/tørka klede osb. Og så skreiv eg ein førehandsomtale til avisa.  Eg åt litt, vaska håret etc. før eg gjekk utover til Nils.
Når han er i fin form ringer han ofte heim på føremiddagen; i dag gjorde han ikkje det. Så eg var budd på at han ikkje var så sprek, og det var han heller ikkje, men han hadde vore dårlegare før på dagen. Det går litt opp og ned med forma, somme dagar bra, andre dagar mindre bra. Han kan ikkje bli frisk, det veit vi, men vi har gode stunder innimellom.
I dag kom Solveig innom ei lita stund. Ho hadde eit ærend til Ulsteinvik, og fann på å ta ein liten avstikkar. Det var kjekt. Kjekt var det også at Marit nabo kom innom. Nils set pris på at folk besøker han om han ikkje gir så tydelig inntrykk av det.Det går godt an å stikke innom på ettermiddagstid og kveld sjølv om eg er der.
Eit tilleggsproblem han har er at øyra hans er tette. Eg har brukt å spraye dei, og avtalt med personalet at dei skal følge opp, men det har ikkje blitt gjort. Dei er så mange- og dei har det travelt. No skreiv eg på ein lapp kva dei skal gjere. Han som alltid har høyrt så godt høyrer no veldig dårleg og ligg med TV-en så høgt på at det plagar meg, som er naturleg tunghøyrt.
Eg er ikkje alltid like glad for å gå frå han om kveldane, men både han og eg veit at han har det best der. Men eg som aldri har vore innom ein sjukeheim før Nils kom dit, ser no at institusjonen er rimeleg gammaldags og manglar teknologi som kunne gjort livet lettare både for pasientar og betjening. Eg trur den teknologien finst.

tirsdag, januar 09, 2018

Dagbok 2017: 9.januar.

Klokka er 21.00, og det er mindre enn fem minutt sidan eg kom heim. Lenge sidan eg har vore heime så tidleg på kveld. men eg skal innrømme at det er godt å ha ei stund heime før eg må legge meg.Ute er det stjerneklårt, +1 grad og nydeleg vêr. Men det er godt å ha broddar under skorne, for det er mykje is på vegane.
I dag gjekk eg heimanfrå klokka 11.30, skulle vere på kulturhuset klokka 12.00 til styremøte i pensjonistlaget. Møtet gjekk fort og greitt unna, så eg hadde god til dei andre ærenda mine. No kunne eg ikkje kjøpe så mykje, for eg måtte bere med meg det eg ev. skulle ha. Var innom Amfi men begrensa meg til å kjøpe ein boks med hårspray og eit beger salat frå salatdisken på Bunnpris. Eg fekk no sett meg om litt, men det var ikkje noko som frista, har nok og meir enn nok av det meste.
Eg hadde eit ærend i banken, for vi hadde fått ei rekning som Nils trudde han hadde avtale-giro på. Han har ikkje nettbank. Eg hadde ein fin samtale med dama i banken, og fekk skjema som vi kunne fylle ut for ev. få Nils sine konti over på meg.
Inntil vidare gjer vi ikkje noko med det, eg har pengar nok på kontoen min, og kan ev. ta ut pengar på Nils sitt Visa-kort. Eg kan betale rekninga på nettbanken, slik eg plar gjere, for den var ikkje på avtalegiro.
Så gjekk eg opp til Nils. Han låg og sov, han hadde sove det meste av  dagen. Somme dagar er det slik. Solfrid kreftkoordinator kom på besøk, og ho sa at medisinane gjer at Nils blir trøtt, og det har vi no forstått før også, men det er betre at han er trøtt og søv eller at han verker. Solfrid fortalde at dei nye kvalmetablettane han får no, er eigentleg reisesjuketablettar, og då hugsa eg kor trøtt eg var når eg reiste med buss frå Volda til Eid-og tok tablett. Det var den tida eg gjekk på lærarskulen.
Linda, legen, kom også innom ein tur. Ho såg på storetåa som kjem seg no når han får salve på den.
I mellomtida hadde eg gafla i meg salaten min. Det er det beste måltidet eg har ete på lenge.
I morgon må eg skrive litt til avisa om pensjonistmøtet som blir onsdag 17.januar. På januarmøtet brukar vi å sjå film, og gjett kva vi skal sjå i år? -"Some like it hot"-med Marilyn Monroe og Tony Curtis, blant andre ! Det blir vel litt av ei mimring. 
I dag kan vi gratulere fetter John Per med dagen. Frå barndommen kan eg hugse at tante "kasta ut" juletreet når selskapet var slutt.Gratulerer med dagen,JP!

mandag, januar 08, 2018

Dagbok 2018: 8.januar

                                        Her går eg ut Starevegen.

Storebakken ned og kryssar Olavsgata.


Nedover elvevegen, Vikemarka skule til venstre.


Håkonsgata, med brua over Vike-elva.


Ørstaheimen  består av tre store bygg. Nils bur i det midterste huset




Inne i gangen. I enden på gangen tek eg heisen opp.

Klokka er22.10, og eg kom heim for ca. 15 minutt sidan. Det var fint å gå heim i kveld. Temperaturen er 0 grader C, og det er opplett og gode vegar. I dag tok eg med meg kamera då eg gjekk utover til Nils ca. 15.30 Eg skriv så mykje om desse turane mine, at eg tenkte blogglesarane kunne få vere med på ein av dei daglege turane mine. Det hender eg tek andre ruter, men eg går helst denne.
Nils var trøytt og slapp då eg kom ut i dag, men han åt middagen  sin. Eg ville han skulle legge seg og kvile etterpå, men det nekta han. Men eg sette meg i godstolen, og best det var sov vi begge to. Han kvikna litt etterpå og vi såg TV og prata ei stund. Før eg gjekk hjelpte eg han med kveldsstellet. På Heimen seier dei at eg er "flink"- og Nils jattar med dei. Det å vere sjukepleiar er noko eg aldri har vurdert, men å stelle godt med sine aller nærmaste er noko heilt anna.
Eg merkar at han vert svakare etter kvart, og når han er trøytt hugsar han ikkje så godt, men i dei kvikke periodane er han heilt klår i toppen.
I morgon skal eg på styremøte i pensjonistlaget, etterpå skal egi banken og ordne opp med ei rekning som vi ikkje heilt forstår oss på. oG så blir det kanskje nokre små-ærend før eg går opp på Heimen.
I dag for eg berre og surra på føremiddagen. Mòka altanen, bar inn ved vaska klede, rydda skap etc. Eg er blitt voldsomt ivrig når det gjeld skaprydding-har som eit håp om at det forsvundne smykket skal dukke opp når eg minst ventar det.
Såg at der var ferske bilspor på tunet, så no må eg røkje etter kven som har vore her.

søndag, januar 07, 2018

Dagbok 2018: 7.januar

Denne vesle svarttrosten kjem på besøk fleire gonger for dag og et havregryn på altanrekkverket.Når havregryna vert nedesnøa blir han heilt panisk og spring fram og tilbake på rekkverket. Derfor mòkar eg rekkverket før alt anna.Eg trur han er blitt att åleine mens alle dei andre trostane har reist til syden.

Klokka er 22.35, det er ei lita stund sidan eg kom heim, gjekk frå Heimen klokka 21.45. Det var ingen problem med å komme seg heim i dag, for alle vegar er brøytte. Temperaturen er 0 grader, eller litt over, så eg håper ikkje vi får meir snø akkurat no. Såg på TV at det har vore både storm og orkan i fylket vårt, her på Vallabøen har det ikkje vore så mykje som eit vindpust.
Men snø har vi fått! Etter at eg hadde mòka altanen i dag før middag, gjekk eg ut og begynte på tunet. I går var snøen lett og fin, i dag var den tung som bly. Men Torbjørn kom bort og freste vekk det grøvste, så tok eg det som var nærmast huset. Eg gjekk inn og bytte på meg tørre klede, og då kom plogen i full fart, så tunet vart fylt med store og små snøklumpar. Eg tenkte som så at då får Audun berre køyre oppi det heile, men så var Even der med brettet og rydda opp. Står ikkje på når ein har så kjekke og snille naboar.
Audun var på besøk til Nils før han kom her i halv tre tida. Eg hadde tatt opp ei ferdig fylt bløtkake frå frysaren, og hatt krem på, så det vart serveringa i dag. Audun og eg drakk kaffi og åt kake til det var på tide å køyre meg ut på Heimen. Audun skulle reise med bussen frå Ulsteinvik til Oslo i kveld. Lurer på korleis det gjekk -. Han disponerer bilen vår for tida, når han er heime, og så køyrde han meg i den ut til Heimen.
Eg såg straks at Nils ikkje var så pigg som i går. Han var trøtt, men ville ikkje sove. Han hadde ete godt til middag i dag: sosakjøt med mykje saus; til og med potetene hadde han ete. Han var ikkje dårleg, berre slapp.
Vi såg TV i lag, som vanleg, og eg hadde tenkt vi skulle sjå siste delen av "Farmen kjendis" før eg gjekk, men eg såg at han trong å sove, så vi gjorde unna kveldsstellet -og så gjekk eg. Han likar at eg er der når han "legg seg". Han ligg jo heile dagen, men det er litt annleis når natta står for døra.
På heimvegen trefte eg ein tidlegare kollega som var ute og lufta hunden sin, og fekk prate litt med henne.

Dagbok 2026: 26.august

Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...