mandag, januar 08, 2018

Dagbok 2018: 8.januar

                                        Her går eg ut Starevegen.

Storebakken ned og kryssar Olavsgata.


Nedover elvevegen, Vikemarka skule til venstre.


Håkonsgata, med brua over Vike-elva.


Ørstaheimen  består av tre store bygg. Nils bur i det midterste huset




Inne i gangen. I enden på gangen tek eg heisen opp.

Klokka er22.10, og eg kom heim for ca. 15 minutt sidan. Det var fint å gå heim i kveld. Temperaturen er 0 grader C, og det er opplett og gode vegar. I dag tok eg med meg kamera då eg gjekk utover til Nils ca. 15.30 Eg skriv så mykje om desse turane mine, at eg tenkte blogglesarane kunne få vere med på ein av dei daglege turane mine. Det hender eg tek andre ruter, men eg går helst denne.
Nils var trøytt og slapp då eg kom ut i dag, men han åt middagen  sin. Eg ville han skulle legge seg og kvile etterpå, men det nekta han. Men eg sette meg i godstolen, og best det var sov vi begge to. Han kvikna litt etterpå og vi såg TV og prata ei stund. Før eg gjekk hjelpte eg han med kveldsstellet. På Heimen seier dei at eg er "flink"- og Nils jattar med dei. Det å vere sjukepleiar er noko eg aldri har vurdert, men å stelle godt med sine aller nærmaste er noko heilt anna.
Eg merkar at han vert svakare etter kvart, og når han er trøytt hugsar han ikkje så godt, men i dei kvikke periodane er han heilt klår i toppen.
I morgon skal eg på styremøte i pensjonistlaget, etterpå skal egi banken og ordne opp med ei rekning som vi ikkje heilt forstår oss på. oG så blir det kanskje nokre små-ærend før eg går opp på Heimen.
I dag for eg berre og surra på føremiddagen. Mòka altanen, bar inn ved vaska klede, rydda skap etc. Eg er blitt voldsomt ivrig når det gjeld skaprydding-har som eit håp om at det forsvundne smykket skal dukke opp når eg minst ventar det.
Såg at der var ferske bilspor på tunet, så no må eg røkje etter kven som har vore her.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Godt at du held deg i form, Olaug. Ein fin "tursti" du har.
Helsing
Eidabesta

Besta sa...

Ja, det er det gode med situasjonen, god trim kvar dag-i all slags vêr. Turen heim tek 20-25 minutt, nedover brukar eg litt lenger tid-særleg når det er glatt. Eg prøver å halde ein viss fart-det er bra for blodtrykket. Tenk at eg som var så elendig i hofta, ryggen, kneet m.m. er så bra no. DET er eg takknemleg for.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...