tirsdag, januar 09, 2018

Dagbok 2017: 9.januar.

Klokka er 21.00, og det er mindre enn fem minutt sidan eg kom heim. Lenge sidan eg har vore heime så tidleg på kveld. men eg skal innrømme at det er godt å ha ei stund heime før eg må legge meg.Ute er det stjerneklårt, +1 grad og nydeleg vêr. Men det er godt å ha broddar under skorne, for det er mykje is på vegane.
I dag gjekk eg heimanfrå klokka 11.30, skulle vere på kulturhuset klokka 12.00 til styremøte i pensjonistlaget. Møtet gjekk fort og greitt unna, så eg hadde god til dei andre ærenda mine. No kunne eg ikkje kjøpe så mykje, for eg måtte bere med meg det eg ev. skulle ha. Var innom Amfi men begrensa meg til å kjøpe ein boks med hårspray og eit beger salat frå salatdisken på Bunnpris. Eg fekk no sett meg om litt, men det var ikkje noko som frista, har nok og meir enn nok av det meste.
Eg hadde eit ærend i banken, for vi hadde fått ei rekning som Nils trudde han hadde avtale-giro på. Han har ikkje nettbank. Eg hadde ein fin samtale med dama i banken, og fekk skjema som vi kunne fylle ut for ev. få Nils sine konti over på meg.
Inntil vidare gjer vi ikkje noko med det, eg har pengar nok på kontoen min, og kan ev. ta ut pengar på Nils sitt Visa-kort. Eg kan betale rekninga på nettbanken, slik eg plar gjere, for den var ikkje på avtalegiro.
Så gjekk eg opp til Nils. Han låg og sov, han hadde sove det meste av  dagen. Somme dagar er det slik. Solfrid kreftkoordinator kom på besøk, og ho sa at medisinane gjer at Nils blir trøtt, og det har vi no forstått før også, men det er betre at han er trøtt og søv eller at han verker. Solfrid fortalde at dei nye kvalmetablettane han får no, er eigentleg reisesjuketablettar, og då hugsa eg kor trøtt eg var når eg reiste med buss frå Volda til Eid-og tok tablett. Det var den tida eg gjekk på lærarskulen.
Linda, legen, kom også innom ein tur. Ho såg på storetåa som kjem seg no når han får salve på den.
I mellomtida hadde eg gafla i meg salaten min. Det er det beste måltidet eg har ete på lenge.
I morgon må eg skrive litt til avisa om pensjonistmøtet som blir onsdag 17.januar. På januarmøtet brukar vi å sjå film, og gjett kva vi skal sjå i år? -"Some like it hot"-med Marilyn Monroe og Tony Curtis, blant andre ! Det blir vel litt av ei mimring. 
I dag kan vi gratulere fetter John Per med dagen. Frå barndommen kan eg hugse at tante "kasta ut" juletreet når selskapet var slutt.Gratulerer med dagen,JP!

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...