onsdag, januar 10, 2018

Dagbok 2018: 10.januar

Klokka er 22.20 og det er ein time sidan eg gjekk frå Ørstaheimen. Eg måtte sjå litt på "Farmen kjendis" før eg kunne skrive blogg. Ingen stjerner på himmelen i kveld, men det var fint likevel, opplett og +3 grader C. Tidlegare i dag var tempen oppe i +7 grader, men isen smeltar ikkje verken på vegen eller trappa
I dag før middag var eg litt flittig. Eg støvsugde alle teppegolva, vaska/tørka klede osb. Og så skreiv eg ein førehandsomtale til avisa.  Eg åt litt, vaska håret etc. før eg gjekk utover til Nils.
Når han er i fin form ringer han ofte heim på føremiddagen; i dag gjorde han ikkje det. Så eg var budd på at han ikkje var så sprek, og det var han heller ikkje, men han hadde vore dårlegare før på dagen. Det går litt opp og ned med forma, somme dagar bra, andre dagar mindre bra. Han kan ikkje bli frisk, det veit vi, men vi har gode stunder innimellom.
I dag kom Solveig innom ei lita stund. Ho hadde eit ærend til Ulsteinvik, og fann på å ta ein liten avstikkar. Det var kjekt. Kjekt var det også at Marit nabo kom innom. Nils set pris på at folk besøker han om han ikkje gir så tydelig inntrykk av det.Det går godt an å stikke innom på ettermiddagstid og kveld sjølv om eg er der.
Eit tilleggsproblem han har er at øyra hans er tette. Eg har brukt å spraye dei, og avtalt med personalet at dei skal følge opp, men det har ikkje blitt gjort. Dei er så mange- og dei har det travelt. No skreiv eg på ein lapp kva dei skal gjere. Han som alltid har høyrt så godt høyrer no veldig dårleg og ligg med TV-en så høgt på at det plagar meg, som er naturleg tunghøyrt.
Eg er ikkje alltid like glad for å gå frå han om kveldane, men både han og eg veit at han har det best der. Men eg som aldri har vore innom ein sjukeheim før Nils kom dit, ser no at institusjonen er rimeleg gammaldags og manglar teknologi som kunne gjort livet lettare både for pasientar og betjening. Eg trur den teknologien finst.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...