søndag, januar 07, 2018

Dagbok 2018: 7.januar

Denne vesle svarttrosten kjem på besøk fleire gonger for dag og et havregryn på altanrekkverket.Når havregryna vert nedesnøa blir han heilt panisk og spring fram og tilbake på rekkverket. Derfor mòkar eg rekkverket før alt anna.Eg trur han er blitt att åleine mens alle dei andre trostane har reist til syden.

Klokka er 22.35, det er ei lita stund sidan eg kom heim, gjekk frå Heimen klokka 21.45. Det var ingen problem med å komme seg heim i dag, for alle vegar er brøytte. Temperaturen er 0 grader, eller litt over, så eg håper ikkje vi får meir snø akkurat no. Såg på TV at det har vore både storm og orkan i fylket vårt, her på Vallabøen har det ikkje vore så mykje som eit vindpust.
Men snø har vi fått! Etter at eg hadde mòka altanen i dag før middag, gjekk eg ut og begynte på tunet. I går var snøen lett og fin, i dag var den tung som bly. Men Torbjørn kom bort og freste vekk det grøvste, så tok eg det som var nærmast huset. Eg gjekk inn og bytte på meg tørre klede, og då kom plogen i full fart, så tunet vart fylt med store og små snøklumpar. Eg tenkte som så at då får Audun berre køyre oppi det heile, men så var Even der med brettet og rydda opp. Står ikkje på når ein har så kjekke og snille naboar.
Audun var på besøk til Nils før han kom her i halv tre tida. Eg hadde tatt opp ei ferdig fylt bløtkake frå frysaren, og hatt krem på, så det vart serveringa i dag. Audun og eg drakk kaffi og åt kake til det var på tide å køyre meg ut på Heimen. Audun skulle reise med bussen frå Ulsteinvik til Oslo i kveld. Lurer på korleis det gjekk -. Han disponerer bilen vår for tida, når han er heime, og så køyrde han meg i den ut til Heimen.
Eg såg straks at Nils ikkje var så pigg som i går. Han var trøtt, men ville ikkje sove. Han hadde ete godt til middag i dag: sosakjøt med mykje saus; til og med potetene hadde han ete. Han var ikkje dårleg, berre slapp.
Vi såg TV i lag, som vanleg, og eg hadde tenkt vi skulle sjå siste delen av "Farmen kjendis" før eg gjekk, men eg såg at han trong å sove, så vi gjorde unna kveldsstellet -og så gjekk eg. Han likar at eg er der når han "legg seg". Han ligg jo heile dagen, men det er litt annleis når natta står for døra.
På heimvegen trefte eg ein tidlegare kollega som var ute og lufta hunden sin, og fekk prate litt med henne.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...