lørdag, januar 06, 2018

Dagbok 2018: 6.januar.


Klokka er22.35, temperaturen  minus 3 grader og snøen lavar ned. Eg kunne ikkje gå dei vanlege vegane i kveld, for ingen vegar var brøyta. Derfor måtte eg finne vegar som var oppkøyrde av bilar såpass eg kunne gå i spora. Eg gjekk mot Heggjadalen  og sekund før eg var framme kom plogen, så resten av turen vart lett.
Eg vandra mykje i fjor vinter også, men kan knapt hugse at eg gjekk på snø. Denne vinteren ser ut til å bli god gammaldags Ørsta-vinter. Nils ringde nettopp for å høyre om eg hadde kome vel heim- og det hadde eg no.
I dag hadde eg ikkje noko spesielt på programmet, så eg sat ei stund og stikka og såg TV (opptak). Men så måtte eg ut og moke snø. Janne og Even var ute før meg og dei hadde moka veg ned til trappa mi. Eg har ofte sagt at eg treng berre ei rås, men i dag trudde eg kanskje det kom folk med bil på besøk, så eg moka heile tunet og ned til kjellardøra. Det var lett og fin trim. Så gjorde eg litt husarbeid, klesvask etc. før eg åt  eit godt måltid. Vel halv fire gjekk eg ut til Nils.
Han hadde hatt besøk av ein kamerat f.m., og så hadde han ete og sove middag før eg kom. Men den som sovna - det var eg. Vi har TV-en ståande på heile tida og det er søvndyssande i seg sjølv. Vi hadde ein fin kveld, då vi såg TV, prata, og eg hjelpte Nils så han fekk barbere seg, vaske seg og pusse tenner før eg gjekk.
Eg går heile tida surr i dagane så eg gløymde å ønske alle god helg i går. Håper helga blir bra uansett. I morgon kjem Audun ein tur innover og besøker morfaren, og så kjem han opp til meg etterpå. Han skal reise tilbake til Oslo i morgon kveld. Blei litt skeptisk då eg såg vêrmeldinga i kveld. Ikkje for min eigen del, men eg likar ikkje å ha folk ute på reise når det er storm og styggevêr.



1 kommentar:

solveig sa...

Eg og vart skeptisk. men vi får ikkje ta sorgene på forskot!

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...