lørdag, januar 13, 2018

Dagbok 2018: 13.januar

Dette bildet er tatt av Marta Lystastad Johansen, som bur på andre sida av fjorden. Så slik ser Vallabøen ut frå den sida. Ho er forresten fotograf.(Hugs å dobbeltklikke på bildet.)

Klokka er 23.00, temperaturen har stige til minus 3 grader C; det er stjerneklårt og nydeleg vêr. Eg vart på Heimen litt lenger enn vanleg i kveld, for Nils var så vaken at vi kunne både prate og sjå TV. Ei av pleiarane ville absolutt køyre meg heim, ho bur i Olavsgata og har sett meg gå opp elva-vegen. Men eg VILLE gå. Kjenner at eg treng den mosjonen, hofta verker når eg sit for mykje i ro.
I dag trudde eg det var søndag-slik er det kvar helg: to søndagar. Eg sov dårleg og lite sist natt , men kom meg opp i vanleg tid. Lite vart gjort, men det var ikkje så farleg. Eg fekk rydda litt i huse; hadde tenkt meg opp på loftet med julepynten, men av omsyn til Nils og "barna" vil eg ikkje utsette meg for ulykker.
Bodil ringde og vi fekk oss ein lang og hyggeleg prat. Det er ikkje så ofte vi snakkar telefonen, men vi held god kontakt på data.
Margrete og dei to heimeverande barna skulle komme ein tur i dag, dei kom i 15-tida då hadde dei gått rundt Ròtevatnet i Volda før dei kom hit. Etter at vi hadde drukke kaffi og ete kaker, for vi alle ut til Nils.( Men først tok dei to "barna" og fekk julepynten opp på loftet.) Å seie at han var i storform ville vere å overdrive, men han var rimeleg bra i dag. Eg var der mens han åt kveldsmat, eg fekk kaffi. Eg kunne fått så mykje mat eg berre ville, men eg likar best å ete når eg kjem heim. Men i kveld gjorde eg Nils ei teneste; eg åt omeletten hans, for akkurat det greier han ikkje. Eg forstår han, faktisk.
Han hadde ikkje på TV-en då vi kom, men seinare såg vi mange program på NRK 1, eg gjekk frå Heimen klokka 22.35. 
Eg er ikkje svolten i kveld, men må sjå om eg finn meg noko saltmat.
I morgon fyller Roar Jarle, eldste sonen til Rolf, 50 år. Han og Margrete er fødde samme året.
Eg trur vi kan belage oss på rikeleg nedbør med det første-kjennest slik ut i venstre hofta mi.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...