Klokka er 22.15 og det er ein halvtime sidan eg kom heim frå Heimen. Gjekk utover nokså tidleg i dag, så det vart eit langt "besøk". No er det + 3 grader ute og det blæs, noko som er relativt sjeldan her på Vallabøen. Vinden kjem frå aust, noko som indikerer at det er synnavind -litt rart, men det har vel med fjell og dal å gjere. Det er opplett, og gatene er stort sett snøfrie, men på gangvegar og fortau, der eg går, er det enno knallhard is. Så eg går med broddar!
No har eg funne fram litt saltmat som eg skal ete til kvelds. Har ete ganske mykje før i dag, men det har stort sett vore kaker og kaffi.
Då eg kom ut til Nils hadde han nettopp ete middag, i dag var det biff Stroganoff. Til kaffien fekk vi ostekake i dag, og den var god. Nils må for det meste tvinge maten i seg, han har eigentleg ikkje lyst på mat.
Han var ikkje dårleg i dag, men er slapp og trøtt, noko som delvis kjem av medisinen. Eg fekk han til å legge seg ned og slappe av ei stund, og då kvikna han til. Eg hjelpte han med barbering, tannpuss etc. så eg føler at eg er LITT til nytte der ute.
Det er så mykje å følgje med på når ein først begynner å sjå TV, i dag var det regjeringsforhandlingar i tillegg til drapssaka. Og så må vi no sjå "Farmen kjendis"-eg måtte sjå slutten her heime før eg kunne skrive blogg.
I morgon må eg nedover. Blant anna må eg få tak i asbestpakning til omnen. Pakninga nedst på døra har falle av og delvis brunne opp. Dessutan minkar det litt på julematen. Sidan eg ikkje lagar middag, må eg ha noko salt pålegg etc.
I dag gratulerer vi Roar Jarle Trovåg med 50-årsdagen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 26.august
Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar