lørdag, januar 06, 2018

Dagbok 2018: 6.januar.


Klokka er22.35, temperaturen  minus 3 grader og snøen lavar ned. Eg kunne ikkje gå dei vanlege vegane i kveld, for ingen vegar var brøyta. Derfor måtte eg finne vegar som var oppkøyrde av bilar såpass eg kunne gå i spora. Eg gjekk mot Heggjadalen  og sekund før eg var framme kom plogen, så resten av turen vart lett.
Eg vandra mykje i fjor vinter også, men kan knapt hugse at eg gjekk på snø. Denne vinteren ser ut til å bli god gammaldags Ørsta-vinter. Nils ringde nettopp for å høyre om eg hadde kome vel heim- og det hadde eg no.
I dag hadde eg ikkje noko spesielt på programmet, så eg sat ei stund og stikka og såg TV (opptak). Men så måtte eg ut og moke snø. Janne og Even var ute før meg og dei hadde moka veg ned til trappa mi. Eg har ofte sagt at eg treng berre ei rås, men i dag trudde eg kanskje det kom folk med bil på besøk, så eg moka heile tunet og ned til kjellardøra. Det var lett og fin trim. Så gjorde eg litt husarbeid, klesvask etc. før eg åt  eit godt måltid. Vel halv fire gjekk eg ut til Nils.
Han hadde hatt besøk av ein kamerat f.m., og så hadde han ete og sove middag før eg kom. Men den som sovna - det var eg. Vi har TV-en ståande på heile tida og det er søvndyssande i seg sjølv. Vi hadde ein fin kveld, då vi såg TV, prata, og eg hjelpte Nils så han fekk barbere seg, vaske seg og pusse tenner før eg gjekk.
Eg går heile tida surr i dagane så eg gløymde å ønske alle god helg i går. Håper helga blir bra uansett. I morgon kjem Audun ein tur innover og besøker morfaren, og så kjem han opp til meg etterpå. Han skal reise tilbake til Oslo i morgon kveld. Blei litt skeptisk då eg såg vêrmeldinga i kveld. Ikkje for min eigen del, men eg likar ikkje å ha folk ute på reise når det er storm og styggevêr.



fredag, januar 05, 2018

Dagbok 2018: 5.januar


Bilda er tatt klokka 14.50.


Klokka er 22.35, eg gjekk frå heimen klokka 21.45, og brukte som vanleg 20-25 minutt på heimturen. Det blir ingen ny rekord så lenge eg går med broddar under skorne på isete vegar.
Temperaturen ute er minus 4-5 grader og det er fint lettskya vêr.

Onsdag var Nils så elendig at eg trudde løpet var nesten kjørt. I går var han mykje betre og i dag var han i god form. Ja, alt er sjølvsagt relativt. Men han sovna berre ein gong mens eg var der, rett etter at han hadde ete middag; eg sovna også, og eg sov lengst.
Vi hadde ein koseleg kveld, såg TV i lag, stort anna er det ikkje å ta seg til, men vi mora oss veldig over "Nytt på nytt". Bra program. Etter den middagsluren eg hadde i dag blir det ikkje tidleg til sengs her i garden. Dessutan har eg tatt opp heile krimserien, så eg har mykje å ta att. I morgon ventar Nils besøk av mannen som "lånte lina hans"-så då får han vel prate litt "fisk". Eg håper at Nils får nokre gode dagar no.
I dag sosa eg rundt her heime heilt til klokka var 15-då gjekk eg ned på Kiwi og handla litt som eg skulle ha med ut til Nils.
Elles går eg her og småryddar, fyrer i omnen , strikkar litt, er på data etc. Det er ikkje all verda å gjere når ein er åleine, ikkje så mange som rotar eller skal ha mat etc. Litt klesvask vart det, og så støvsuga eg i vaskekjellaren. Det er der eg lagrar ved no, så slepp eg å gå ut i garasjen.
No skal eg sjå om eg finn meg litt middagsmat, eg åt litt før eg for ut til Nils, men ikkje noko der ute i dag. Det er om kvelden eg har mest lyst på mat. Og eg et akkurat når det passar meg.


torsdag, januar 04, 2018

Dagbok 2018: 4.januar

Klokka er 22.10, og eg kom heim for ca. 1/2 time sidan. Det er fint vêr ute, lettskya og opplett, minus 3 grader. Om det blir klårt kan det hende vi får sjå sola sundag eller måndag. Eg synest "mørketida" har gått fort over denne gongen.
Før middag styrte eg med diverse husarbeid, klesvask, stryking, skifting av gardiner etc. 
Eg gjekk utover til Nils i vanleg tid. Eg kan ikkje seie anna enn at eg var litt skeptisk etter at han var så elendig i går. Men i dag hadde han ringt heim på føremiddagen slik han plar gjere, så eg visste at han ikkje var heilt utkopla.
Han var sjølvsagt trøtt og slapp i dag også, men på langt nær så elendig som i går. Så i dag var det kjekt å vere på besøk. Eg veit at han aldri kan bli frisk, men eg håper på fleire gode dagar. I dag fekk han barbert seg mens eg var der. Til  middag var det ball-ikkje akkurat det han er mest begeistra for no for tida, men litt fekk han i seg. Til kvelds fekk vi to halve brødskiver kvar,  då åt han opp porsjonen sin. Eg ville gjerne at han skulle ha ete min også-men der gjekk grensa.
Han spør mykje etter Einar, men eg vil ikkje ringe i kveld å fortelje om kva han har skrive på FB-for det kan hende han har sovna for natta. Han søv veldig mykje, men på tidleg kveldstid ser vi TV i lag.
Broddane som Solveig kjøpte til meg er i flittig bruk, det er mykje hard og knudrete is på gangvegane.
Eg begynte så vidt på ei bok i går kveld, ei som Margrete kom med. No har eg rippa alle 18 platene, så eg har lesestoff ei god stund om eg skal lese heile boka. Det hender eg legg frå meg bøker som er for lange og tunge-det gjorde eg aldri før.

onsdag, januar 03, 2018

Dagbok 2018: 3.januar.

Klokka er 22.20, ute er det fint lettskya vêr, måneskin og minus 5 grader. Må vel kalle det fint vintervêr. Eg gjekk frå Heimen ca .21.30, så det er ein halvtimes tid sidan eg kom heim. Såg at bilen til Silje stod på tunet, så eg var ned til henne med ein pakke som har lagt her sidan før jul. Kjekt at ho er komen heim, så er vi to i huset.
Hadde ingen planar for føremiddagen i dag, anna enn at eg skulle gjere ferdig eit lestepar. Men så fann eg ut at eg ville rydde ut "JULA". Ikkje har det vore så mykje julefeiring her i år, og ikkje er eg i julestemning heller. Rydda vekk alt som minner om jul, med eit par unntak. Gardinene med stjerner på skal vekk i morgon.
Fekk både strikka og lese ferdig boka mi, og så fekk eg hyggelig telefon frå ei barndomsvenninne. Vi sat i lag på samme pult då vi begynte på skulen, sju år gamle, og har halde kontakten sidan. Det blir alltid mimring om barne -og ungdomstida på Eid når vi pratar med kvarandre.
Margrete ringde og ville komme innom ein tur, så då vart det litt mat og kaffi før Margrete køyrde ut til Ørstaheimen.
Eg var litt spent på korleis det stod til med Nils i dag, for han ringde ikkje heim før middag, slik han plar gjere når han er nokolunde i form. Eg hadde sendt også SMS til han, som han ikkje hadde svart på .
Han sov då vi kom, og det var tydeleg at han var sløv og trøytt. Dei hadde visst vekt han tidleg i dag for å ta morgonstell etc. Det hadde sikkert blitt for travelt for han. Før klokka 13 er han ikkje mykje tess. Slik var det då han var heime også. Margrete vart ikkje lenge, ho skulle på eit møte. Og så venta vi Solveig og Olaug. Nils kvikna no til litt etter kvart. Han åt litt middag, og seinare to halve skiver til kvelds. Systera hans ringde og han prata med henne, han er heilt klar i toppen når han er skikkeleg vaken. Etter at alle var reist tok han seg ein lur mens eg såg TV, og då kvikna han til. Vi såg nyheiter,  diskuterte og prata ; før eg gjekk fekk han pussa tenner og eg sørga for at puter og dyner etc. låg som dei skulle. Han begynte å sjå på klokka før kl.21 så eg tok eit hint. 
Når eg skriv så detaljert er det for å illustrere kor slapp og dårleg han eigentleg er. Han vil ikkje gramme seg og syte over tilstanden, derfor tek han seg veldig saman når han har besøk. Om det går berre ein veg kan eg ikkje seie noko om, men dei to siste dagane har han vore veldig kraftlaus. Men eg håper jo sjølvsagt at han skal få fleire gode dagar.
Viss eg ikkje tek feil, så er det fødselsdagen til Arne på Kongsberg i dag. Viss det ikkje er for seint vil eg gratulere.
Dessutan er det dåpsdagen til Rasmus og halvtårs-dagen til Solveig. Den dagen Rasmus vart døypt var Solveig 1 1/2 år. Det begynner å bli ei stund sidan. 
No skal eg ete litt, rydde litt og så har eg tørketrommelen på, så det kan drøye litt før eg finn senga i kveld også.
Ja, og så har eg visst bøker å rippe.

Bok nr. 1 - 2018: Glasshjerte

Glasshjerte av Torkil Damhaug (Lydbok-CD)

Robin og Mikkel er brødre. Robin blir vitne til det grusomme som skjer med kusinen deres, Amina. Han kan ikke hjelpe henne, og heller ikke hente hjelp.

Robin er ute av stand til å uttrykke hva han har sett.

Mens Mikkel vet noe han ikke vil fortelle. Ikke til noen.

Glasshjerte er en fortelling om å kjenne igjen ondskapen når du møter den. Og om å streve med å forstå hvem du selv er.

Men den handler også om hvor langt et menneske våger å gå for å holde fast ved kjærligheten.

I bunnen av Glasshjerte får du en klassisk krimfortelling der en forsvinning blir til et mord, og der spor, sidespor og antydninger skaper en spenning og stemning uten sidestykke. Skadede og vindskjeve ungdommer driver historien mesterlig framover!
............................................................................
Som vanleg har eg brukt altfor lang tid på boka, mange tilbakespolingar etc. Men det er ikkje så vanskeleg å halde tråden i denne historia, på den måten høver den godt å lese som lydbok. Eg likte boka. Meir enn krim dreier dette seg om psykologi, om menneske som utfører grusomme handlingar fordi dei er psykisk sjuke på ein eller annan måte.
Eg har lese bøker av denne forfattaren før; dei har eg også likt.

tirsdag, januar 02, 2018

Dagbok 2018: 2.januar


Dette bildet heng på veggen i vindfanget heime hos oss, så eg ser det ofte, og les teksten. Øystein vann ein gong ein konkurranse om beste ferjedikt med dette. Astrid Eidset Rygg har illustrert det.
Eg har blitt veldig glad i dette tankevekkande diktet.(Dessverre er det vanskeleg å ta gode bilde med blitz på glas.)

Klokka er 22.00,utetemperaturen 1-2 minusgrader. Det er lettskya og måneskin av og til.
Vegane som i går var sørpete og våte har frose til utan at det gjorde saka betr. Bilvegane er vel OK, men eg som held meg til fortau og gangvegar har i alle fall god bruk for broddar -  men då gå det bra.
I dag har eg ikkje lagt to pinnar i kors her heime. Var seint oppe, men så må eg atter ein gong klage på at eg sov dårleg sist natt.
Det første eg gjorde etter frokost i dag var å ringe legesenteret og bestille resept på sovepillar, tok den siste i går kveld. Eg skalle få hente tablettane i løpet av dagen.
Sat og strikka litt og høyrde lydbok til Ingeborg kom klokka 12.00. Ho hadde køyrt Eirik på bussen. Han skulle ta buss til Moa og sitte på med kameratar tilbake til Melhus. I morgon reiser Ingeborg med fly til Oslo. Ho og eg vart sittande og prate og drikke kaffi, til det var tid for meg å vandre. Eg sat på med henne ned til Amfi, der eg skulle hente medisinen min før eg gjekk opp til Nils.
Eg insisterte på å GÅ, for i dag vakna eg med verk i heile kroppen, mest i kneet og hofta. Det er i fuktig vêr eg har tendens til å verke, det er vel ein slags gikt, det hjelper faktisk litt å gå.
Ingeborg og Eirik hadde besøkt Nils og sagt "hadet" før dei reiste. Torbjørn hadde også vore på besøk. Nils set veldig pris på at folk er innom og fortel han eitt og anna nytt. 
Men då eg kom var han ikkje i form. Han hadde hatt problem med magen og var heilt utkjørt. Dessutan hadde han gikt i ei arm. Men han åt opp all middagsmaten sin før han tok middagsluren. Eg sovna i stolen.
Han kom seg litt etter kvart, og armen slutta å verke. (Desse smertene har han hatt mange gonger før). Men han begynte å snakke om tannpuss litt tidlegare enn vanleg, så eg forstod at han tykte eg kunne gå. Men eg snakka med sjukepleiaren og sa at han måtte få meir smertestillande viss han verkte, sjølv er han  litt sein med å forlange slikt.
Eg takka nei til middag i dag, og også til kveldsmat, men ho som var på vakt då insisterte :  "Du må spise, for du er her så lenge". Ho var utlending , spinkel og lita, om lag halvparten så brei som eg. For å glede henne åt eg to små halve brødskiver.
Einar er vel framme i Alta og driv og installerer PC-en sin, så etter kvart får vi vel både tekst og bilde frå det høge nord.
Ingeborg ville høyre med Svein om han kan sende henne adressa til bestemor sin barndomsheim i Oslo. Ho tenkte på å gå på besøk!

mandag, januar 01, 2018

Dagbok 2018: 1.januar. Nyttårsdag




 Godt nytt år til alle !

At heile året skal bli godt for alle er vel ikkje å forvente, men mange gode stunder er det lov for alle å håpe på.
Eg har for så vidt lova at eg skal komme med litt meir spennande vêrbilde, som ikkje er tatt frå altanen eller trappa, så derfor gjekk eg opp på vegen for å fotografere. Som de ser er det ikkje så fint som før. temperaturen er +1 grad og det regnar. Den fine kvite vegen er ikkje så kvit lenger.
Eg har vore heime åleine heile føremiddagen, og det var litt godt. Her var litt arbeid eg måtte gjere  -men skal gå ut til Nils om ei stund. Eg har snakka med han i telefonen, og han hadde det bra. Han tek gjerne imot korte besøk (ca 1/2 time) Han saknar selskap, men blir også fort sliten. Eg plar vere der frå ca. 16.00 - 21.30. Men det går an å komme om eg er der. 
Det var litt rart å gå heim att åleine etter midnatt på nyttårsaftan, men ikkje skummelt. Det var mykje folk ute og skaut opp rakettar, men det vi såg frå vinduet til Nils var ikkje så mykje. Ikkje at eg sakna det. Eg la meg i 2-tida og sov til klokka var over 9 i dag. Det trong eg; det har vore litt dårleg med søvn i det siste.No skal eg ete litt før eg gjer meg klar til å besøke Nils.

Klokka er no 22.40, og eg kom heim for vel ein halvtime sidan. Etter det har eg snakka med ei venninne i telefonen.
I dag var det jammen godt å ha broddar , for vegane var ei blanding av sørpe og is, og så regna det i tillegg. Eg kom meg heim att på normaltid. Nils var verken betre eller verre i dag, men han vart litt sliten etter eit par kapittel av boka vår. Han ville at eg skulle lese. Sjølv slit eg litt med høgtlesing på grunn av halsen - og så er eg ikkje heilt nøgd med språket i boka. Eg likar best å lese nynorsk når eg skal lese høgt.
Eg gjekk ikkje nedover før klokka var vel halv fire i dag, eg trur det blir lenge nok for Nils, i dag var han vaken heile tida mens eg var der.
No er eg glad for at jule-og nyttårshelga er over. For meg er kvardagane best.
No skal eg ha meg litt mat, og så skal eg med tid og stunder sjå Broen som eg sette på opptak før eg gjekk



Dagbok 2026: 26.august

Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...