Klokka er 17.30, temperaturen ute er minus 4 grader C, det har vore opplett og til dels sol i fjella i dag også.
Eg er ikkje særleg mykje betre av forkjølinga, men no har eg fått tak i medisin, så då går det vel framover. Ser fram til å få løyst hosten; det er travelt med tørrhoste, særleg om natta.
Mens Nils var hos tannlegen i dag, fekk eg dusja og vaska håret og tatt ein tablett såpass eg kunne vere med ein tur på Amfi-på apoteket.
Mat var det lite vi trong, var innom Bunnpris og kjøpte eit brød og nokre eple. Eg synest det er greitt å tære på lageret så lenge.
Nils kokte middag i dag, lange + poteter og gulrøter, merkeleg nok har eg matlyst midt oppi elendigheita. Eg fekk no rydda og vaska litt rundt på kjøkkenet i dag, men stort meir blir det visst ikkje.Eg er ein veldig utolmodig "pasient", men synest det er godt å tenke på at eg slepp å gå på jobb sånn"halvsjuk".
mandag, januar 04, 2016
Bok nr. 3 - 2016: De urolige

Å se, å huske, å begripe. Alt kommer an på hvor du står. Første gang hun kom til Hammars, var hun knapt ett år gammel og visste ingenting om den store og omveltende kjærligheten som hadde brakt henne dit.
Egentlig var det tre kjærligheter.
Egentlig var det tre kjærligheter.
Far og datter sitter med en båndopptager mellom seg. Planen var at de skulle dokumentere aldringen, i en bok de to skulle lage sammen. Men da de endelig er i gang, har alderdommen tatt tak i ham på en måte som gjør samtalene uforutsigbare og sprukne.
De urolige er en leken, utforskende og sjangeroverskridende roman om et barn som ikke kan vente med å bli voksen, og foreldre som helst vil være barn, om minner og glemsel og de mange historiene som utgjør et liv.
.........................................................................Denne boka har det gått relativt raskt å lese, sidan eg har lagt "sjuk" på sofaen eit par dagar. Eg har kika litt inn på nettet og alle bokmeldarane eg har sett gir Linn Ullmann terningkast 6 for denne boka-og det fortener den sikkert.
Linn har ikkje hatt nokon lett barndom og ungdom, med to foreldre som aldri blir heilt vaksne og tek ansvar. Eg blir litt skuffa over Liv Ullmann som eg trudde var eit bra menneske. Dottera tek litt glansen av mora, og det er nesten litt rart at Linn vil utlevere mor si slik ho gjer. Eg vil ikkje skrive meir, men anbefaler andre å lese boka. Linn Ullmann er ein god forfattar, eg har lese mange bøker av henne.
søndag, januar 03, 2016
Dagbok 2016: 3.januar
Klokka er 17.40, temperaturen ute er minus 5 grader C. Det har vore ein nydelig dag,og sola klatrar fort nedetter fjellsida. Seinast den 18. skal vi ha sol i stova.
Men når endelig finevêret kom, må eg vere inne. Eg er ikkje betre av forkjølinga, snarare tvert imot. I dag har eg for det meste lege på sofaen med lydbok. Men det er ikkje så mykje å syte over, ei forkjøling går alltid over- før eller seinare.
Det gledelige er at Nils er så bra at han i dag kunne fare ut og sjå etter båten. Mens han var vekke kokte eg risengrynsgrøt og brukte opp både melk og fløte som var innkjøpt til jul. Vi hadde litt spekemat attåt.
Når ein ligg på sofaen nesten heile dagen, får eg ikkje så mykje å skrive om. Men eg kjeder meg ikkje. Akkurat no les eg Linn Ullmann si bok om foreldra sine. "De urolige", heiter boka.
I morgon er det mange som skal på jobb igjen, då er det heilt greitt å vere pensjonist.
lørdag, januar 02, 2016
Dagbok 2016: 2.januar
Klokka er snart 19.00, temperaturen ute er + 2 grader C og det er opplett. men for meg vart det innedag i dag også, forkjølinga slo nemlig til med full styrke i dag. Eg har gått med eit papirlommetørkle under nasa og hatt den eine nyseserien føre og den andre etter. Forkjøling går over, det er ikkje farleg, men eg måtte sende avbod til tannlegen. No veit eg ikkje korleis er føler meg på mandag, men det er betre å vere føre var.
Viktigare er det at Nils har vore bra dei siste to dagane.Når han ikkje er bra er vi dobbelt handikappa, sidan han er sjåfør. I dag fekk han seg ein tur ned på Amfi og fekk treffe folk og prate.Han fekk vite litt om kva som skjer i bygda, noko han er meir interessert i enn eg.. Eg har bøkene mine, så eg kjedar meg ikkje.Har lege på sofaen det meste av dagen. Han kom heim att med ein pizza, så det vart lettvint mat i dag.
Veninna mi i Bergen ringde i dag, og vi hadde ein koselig prat. Elles har det ikkje skjedd så mykje. Det blir ein del TV i dag også, vi plar ikkje sjå så mykje TV, men desember månad er unntaket.
No ser eg fram til å kome i rute med dagane igjen, det har vore mange "sundagar" i det siste.
Viktigare er det at Nils har vore bra dei siste to dagane.Når han ikkje er bra er vi dobbelt handikappa, sidan han er sjåfør. I dag fekk han seg ein tur ned på Amfi og fekk treffe folk og prate.Han fekk vite litt om kva som skjer i bygda, noko han er meir interessert i enn eg.. Eg har bøkene mine, så eg kjedar meg ikkje.Har lege på sofaen det meste av dagen. Han kom heim att med ein pizza, så det vart lettvint mat i dag.
Veninna mi i Bergen ringde i dag, og vi hadde ein koselig prat. Elles har det ikkje skjedd så mykje. Det blir ein del TV i dag også, vi plar ikkje sjå så mykje TV, men desember månad er unntaket.
No ser eg fram til å kome i rute med dagane igjen, det har vore mange "sundagar" i det siste.
Bilda tok eg kl.9.30 i dag tidleg.
Bok nr.2 - 2016: Min mor har en saks i ryggen

Unni Lindell har latt fantasien spinne fritt rundt relasjoner, kjærlighet og hat. Hun lar oss møte mennesker i alle avarter. Du vil rystes litt når du leser om en naturmedisiner som har en så dominerende mor at han må ta grep. Drastisk grep. Vi glir rett i en jaget kvinnes fortelling, der hun bokstavelig talt løper for livet. Så avdekkes et nytt nivå, og vi skjønner at den jagede er mer utspekulert enn vi først antok. At svovel kan ta livet av noen, leser vi et annet sted, men også at den trengs for å stoppe gjæringen av hjemmelaget vin. Og det gir en ekstra tvist til fortellingen.
..............................................................................
Når ein ikkje er heilt konsentrert av ein eller annan grunn, kan det vere greitt å lese lettbeinte krimnovellar. Eg skal innrømme at det har blitt ein del tilbakespolingar under lesing av denne boka. Mesteparten av boka har eg lese i senga. Noveller er etter mi meining ein vanskeleg sjanger, og i ei novellesamling er det ofte stor kvalitetsskilnader mellom fortellingane. Slik er det også med Unni Lindells historier.Somme er middelmådige, andre kjem med overraskande sluttpoeng. Men eg lurer litt på kvifor ho let så mange barn drepe mødrene sine?
fredag, januar 01, 2016
Dagbok 2016: 1.januar
Kva året vil bringe for kvar og ein av oss, veit vi ingen ting om, men vi håper på det beste. Sjeldan har det vore så mykje turbulens i verda som det er akkurat no, det gjeld både krigar og vêr. Det er somme gonger litt for spennande å vere menneske.
Akkurat her hos oss er det veldig fredeleg, vi har vore her for oss sjølve og ikkje vore særleg aktive desse dagane- slik er det med den saken. Vi får håpe på litt meir aktivitet i dagane som kjem.Nils er betre i foten- men må vere forsiktig, eg er bitte lite grann forkjøla.
Komande mandag skal vi begge til tannlegen, det er no ikkje akkurat det kjekkste vi veit, men det brukar å gå bra. Vi har avtale med tannlegen at vi får time samtidig-med ein halv times mellomrom, og eg får gå først inn sidan eg er den "reddaste"-tannlegeskrekken sit i frå barnsbein av.
Klokka er ca 18.10, temperaturen er nede i 3,6 grader C, og det er opplett. I dag var det ganske lyst midt på dagen, og kva såg eg då? Stuevindua! Å, du store tid - dei såg ut ! Så det blir ikkje lenge før eg set i gang med vindusvask.
I dag har eg strikka ferdig årets første sokk, den vart til forveksling lik førre årets siste-og det var i grunnen tilsikta.
Så har eg lese ferdig ei bok vi fekk til jul. Eg trur den ville høve godt å lese til litt store barn- eller la dei lese den sjølv.Sjølvsagt kan vaksne lese den også- eg gjorde jo det!
Låg lenge vaken sist natt også - då las eg krimnoveller av Unni Lindell, den boka er eg også snart ferdig med.
Til middag åt vi restar frå i går, og eg tippar vi har nok mat til langt ut i månaden. Men eg må nok bake brød!
Det blir mykje TV slike dagar. Eg såg/høyrde mykje av nyttårskonserten i dag; eg blir litt lei av Strauss, men det er nok ein seigliva tradisjon. I dag tek det til ein ny Anno-serie, den skal vi sjå. Vi kosa oss veldig med den vi såg i fjor.
Det var nokså mykje fyrverkeri her i går, særleg mellom 23.30- 24.00. Men det stilna ganske fort av. I fall det var mindre enn vanleg, så likar eg det. Eg er såpass "sunnmøring" at eg synest det er gale å kaste bort så mykje pengar på nokre blaff i lufta.
Bok nr.1 - 2016: Søtaste solbæra
Denne signerte boka fekk vi av Øystein til jul. Han har ikkje skrive den sjølv. Boka handlar om korleis ein liten gut i Vanylven opplever krigen. Boka er oppdelt i små forteljingar, så ein kan lese og legge bort og ta att boka. Eg har eit par fortellingar att. Boka er lettlesen, og sidan forfattaren berre er nokre få år eldre enn eg, blir eg lett påmint om korleis eg opplevde krigen. Vi hadde tyske soldatar nær huset vi budde i, men guten i boka fekk dei heilt inn i huset.Her er ingen særleg vonde opplevingar, berre småpussige episodar, noko som viser at foreldra til guten ikkje på nokon måte skræmde han med tyskarane, og at dei tyske soldatane ikkje gjorde han noko vondt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026:22.november
Klokka er no17.56 .Temperaturen ute er minus3grader og det er klarver, står det på PC-en min. Eg har berre så vidt vore ute ein tur, for å h...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...