fredag, januar 01, 2016

Dagbok 2016: 1.januar



Godt nytt år til alle !
Kva året vil bringe for kvar og ein av oss, veit vi ingen ting om, men vi håper på det beste. Sjeldan har det vore så mykje turbulens i verda som det er akkurat no, det gjeld både krigar og vêr. Det er somme gonger litt for spennande å vere menneske.
Akkurat her hos oss er det veldig fredeleg, vi har vore her for oss sjølve og ikkje vore særleg aktive desse dagane- slik er det med den saken. Vi får håpe på litt meir aktivitet i dagane som kjem.Nils er betre i foten- men må vere forsiktig, eg er bitte lite grann forkjøla.
Komande mandag skal vi begge til tannlegen, det er no ikkje akkurat det kjekkste vi veit, men det brukar å gå bra. Vi har avtale med tannlegen at vi får time samtidig-med ein halv times mellomrom, og eg får gå først inn sidan eg er den "reddaste"-tannlegeskrekken sit i frå barnsbein av.
Klokka er ca 18.10, temperaturen er nede i 3,6 grader C, og det er opplett. I dag var det ganske lyst midt på dagen, og kva såg eg då? Stuevindua! Å, du store tid - dei såg ut ! Så det blir ikkje lenge før eg set i gang med vindusvask.
I dag har eg strikka ferdig årets første sokk, den vart til forveksling lik førre årets siste-og det var i grunnen tilsikta.
Så har eg lese ferdig ei bok vi fekk til jul. Eg trur den ville høve godt å lese til litt store barn- eller la dei lese den sjølv.Sjølvsagt kan vaksne lese den også-  eg gjorde jo det!
Låg lenge vaken sist natt også - då las eg krimnoveller av Unni Lindell, den boka er eg også snart ferdig med.
Til middag åt vi restar frå i går, og eg tippar vi har nok mat til langt ut i månaden. Men eg må nok bake brød!
Det blir mykje TV slike dagar. Eg såg/høyrde mykje av nyttårskonserten i dag;  eg blir litt lei av Strauss, men det er nok ein seigliva tradisjon. I dag tek det til ein ny Anno-serie, den skal vi sjå. Vi kosa oss veldig med den vi såg i fjor.
Det var nokså mykje fyrverkeri her i går, særleg mellom 23.30- 24.00. Men det stilna ganske fort av. I fall det var mindre enn vanleg, så likar eg det. Eg er såpass "sunnmøring" at eg synest det er gale å kaste bort så mykje pengar på nokre blaff i lufta.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...