mandag, desember 09, 2013

Dagbok 2013: 9.desember

Klokka er 19.00, temperaturen ute + 5 grader C, og no regnar det. Dessverre fekk vi ikkje beholde det fine vêret vi hadde i går.
I dag har eg ikkje vore ute. Nesten heile føremiddagen heldt eg til på kjøkkenet. Eg laga ein kakebotn, laga middag og vaska nokre skuffer og skap innimellom.
Rasmus ringde, han skal opererast på torsdag førstkomande.
Margrete og Erlend kom klokka 15.30, og då åt vi middag. I dag var det svineribbe og medisterpølser på menyen, ikkje så veldig oppfinnsomt, men det er lett å gripe til det som ligg framme i butikken. I morgon blir det også julemat, dvs. juletallerken i pensjonistlaget.
Eg har eit lite problem for tida, eg er så trøtt. Trur eg kunne sove døgnet rundt. Det er berre om kveldane er er nokonlunde vaken, så det blir ikkje til at eg legg meg tidlig no heller.
No skal eg ta fram strikketøyet igjen, det er enda nokre lestepar att til jul.

søndag, desember 08, 2013

Dagbok 2013 - 8.desember


Klokka er 15.00, temperaturen ute er minus 3 grader C, og det er nydelig vêr. Men då eg nettopp var ute og gikk ein liten tur, såg eg at mørkare skyer var på veg.
I dag hadde eg tenkt å steike krumkaker, og når eg først har bestemt meg, skjer det. Plar lage to porsjonar, ein til Margrete og ein til oss, men i dag laga eg berre ein stor porsjon og delte på to. Det er litt av ei tolmodigheits-prøve for slike som meg å halde på med slikt, men med Vetle Lid Larsen si bok "1001 natt" i øyret gikk det bra.
Etterpå vart det ein liten tur rundt Storebakken med broddar på skorne, noko eg synest er nokså ubehagelig, men betre enn å dette. Det er framleis fint og lyst ute, så eg måtte ta nokre bilde av den nydelige himmelen, då ser det litt mørkare ut enn det eigentlig er.
Vi har ikkje laga middag enno, men i løpet av dagen finn vi vel eitkvart i ein av dei mange overfylte frysarane våre.
I mellomtida skal eg strikke ferdig enda ein lest.

lørdag, desember 07, 2013

Dagbok 2013: 7.desember

Klokka er 19.15. Temperaturen ute er minus 2 grader C. Det har kome ein del snø i dag også. Bildet over er tatt før klokka 11.00 i dag, då Nils var ute og mòka. Han likar best å bruke brettet når snøen er lett og det ikkje er for mykje av den. Det ser nesten ut som om sola skin, det gjorde den ikkje, ikkje her nede hos oss, men det er som eit skin som fargar snøen. Fint var det! Ei lita stund etterpå lava det ned.
Vi hadde gløymt å kjøpe havregryn i går og vi var lens for melk, så det vart ein liten tur på Amfi i dag også. Kjekt å treffe folk og slå av ein prat.
Her er mykje å gå på, konsertar og andre arrangement nesten kvar dag, men vi kjem oss liksom aldri av garde om vi ikkje er "nøydde". Komande tysdag er det julemøte i pensjonistlaget, før møtet skal vi dekke bord og eg skal til frisør, så då blir det full fart.
I morgon har eg tenkt å steike krumkaker, viss det ikkje blir så fint vêr at vi må ut og gå tur. Julegåver har eg ikkje kjøpt enno, må ha ein prat med Margrete på mandag først. Viss eg ikkje veit kva eg skal ha, blir eg berre gåande og vime.
Juleførebuingane mine går for det meste ut på å strikke, og det gjer eg heile kveldane. Så kan eg lese eller sjå TV på samme tid.
Det viktigaste er at alle er nokonlunde friske og har det bra i jula. Alt det andre er mindre så viktig.
Ønsker alle ei fin adventstid!

fredag, desember 06, 2013

Dagbok 2013: 6.desember

Klokka er 23.05, temperaturen ute minus 2 grader C, og akkurat no er det opplett. Sist natt hadde det snødd ein del, men ikkje så mykje at Nils starta fresaren. Han mòka med brettet.
Eg gjorde ikkje anna før middag enn å strikke og vaske håret. Så var vi ein tur nedover; eg hadde tenkt meg ein shoppingdag, men å kjøpe julegåver utan å ha tenkt ut kva ein skal ha, det er heilt håplaust, så det gav eg opp.Vil gjerne ha fleire ønskelister!  Skal skrive ei sjølv også.
Vi hadde svinekotelettar til middag i dag. Billig mat! Rasmus ringde etter middag, han hadde det etter måten bra. Etter planen skal han leggast inn på sjukehuset over helga, og så blir det operasjon igjen. Då kjem han til å få gips på foten, men blir nok sjukmeld ei stund. Det er trasig, men ikkje "livstruande", som det heiter.
I ettermiddag og kveld har eg stort sett strikka og sett TV. Heldigvis datt ikkje TV-en ut, men vi har vore utan data og telefon. Vi kom oss inn att på Internett klokka 22.00. Det er derfor eg er så seint ute med blogg.

torsdag, desember 05, 2013

Bok nr.68 - 2013: Lindeman og Sachs

Vi møter familiene Lindeman og Sachs i 1973, og følger dem frem til 1987; epoken som la grunnlaget for dagens norske næringsliv. Romanen handler først og fremst om to fedres vei mot makten og æren, men også om sønner og døtre, deres konflikter, og om en mor som aldri kan forsone seg med hvem hun er og hvor hun kommer fra. På overbevisende måte tegner Kjell Ola Dahl personer og skjebner som kan forveksles med virkelige aktører i næringslivet.
................................................................................
Om eg ikkje har misforstått er dette første boka i ein trilogi. Bok nr.3 er komen ut.
Tittelen leier tankane til "Garman og Worse", og ikkje utan grunn.
No er ikkje eg særlig inne i dette med aksjar og anna som gjeld økonomi, men faktisk forstår eg det meste i boka. Forfattaren greier å forklare dei økonomiske transaksjonane så enkelt at sjølv mor kan forstå det. Og eg syntest faktisk det var interessant.
Det beste kjem heilt til slutt i boka då Vebjørn Lindeman forklarer sonen samanhengen, eller rettare sagt den manglande samanhengen, mellom børs og moral.
No er eg ikkje så godt inne i finansverda, men eg kjende i alle fall att Kjell Inge Røkke.
Eg kjem nok til å lese dei to andre bøkene også, men no skal eg først lese Vetle Lid Larsen.

Dagbok 2013: 5.desember.

Klokka er 13.30. Temperaturen ute er 0 grader C og det snør. Det er berre små fnugg i lufta, så det er ikkje noko som monnar. Det har ikkje vore naudsynt å mòke i dag. Så langt i alle fall.
Nils har stukke av frå hus og heim eit par timar for å drikke julekaffi på fabrikken, der han jobba før han vart pensjonist. Sidan vi ikkje kunne fare på rek i dag, tok eg like godt "fredagsvasken", slik at eg er klar for shopping i morgon - eventuelt. Skal i alle fall ikkje shoppe på laurdag, det brende vi oss på sist.
I dag skulle eg prøve det nye "vaskesystemet"- og det vart litt av eit styr. Vi måtte både lese og studere, og lettvint var det i alle fall ikkje. Men sjølve moppen var veldig god, og skaftet OK. Det var bøtta med vrimekanismen som var problemet. Konklusjonen blir at eg kjem til å bruke den nye moppen/skaftet når eg skal vaske tak og ev.vegger. Golva kjem eg til å vaske på gamlemåten med borrelåsmoppane. Eg vil ikkje anbefale "systemet".(Men angrar ikkje.)
Elles så stressar eg ikkje med julekakebakst. Det er ingen her som et småkaker uansett, men eg skal lage krumkaker.Vi har ikkje noko særlig selskapeligheit, og når familien kjem er det andre ting som står på menyen.
Før skifta eg bloggbakgrunn etter årstidene, men no finn eg ikkje att alle dei fine bakgrunnane.

onsdag, desember 04, 2013

Dagbok 2013: 4.desember.

Klokka  er 16.30, temperaturen ute er +1 grad C, det haglar, blæs og snøar, vekselvis.Og det er mørkt nesten heile dagen.
Nils var til Volda før middag, eg vaska kjøleskapet og gjorde diverse anna i huset mens han var vekke. Då han kom att tok vi oss ein kaffikopp og ei brødskive før vi reiste til Vik.
Første stopp var Jernia. Sidan vi ikkje fann moppeskaft på JULA, måtte vi prøve lokalt. På Jernia hadde dei heile sett med moppeskaft, bøtte og 3 moppar  til halv pris, dvs vel 200 kr. Det var eit godt tilbod på alle måtar, det var berre det at då vi kom heim mangla moppane. Vi var ned att og då opna dei to andre esker og gav oss to moppar. (Eg trur eigentlig at det var berre ein som følgde med settet.) Men moppane er så spesielle at ein må nesten ha originaltypen, så eg håper dei kan skaffe fleire. Med spesialbøtta kan ein klemme vatnet av moppen. Dette må prøvast før eg kan komme med terningkast.(Eg trur sikkerrt eg kan bruke dei gamle 40 cm-moppane i eit nødstilfelle).
Elles var vi på Amfi der eg kjøpte raude julestjerner, og tre spekepølser av ein selger som hadde fått lov å komme inn. Til vanlig må dei rigge seg til utanfor senteret.Vi er glade i litt saltmat om kvelden, og har alltid litt spekemat på lur.
Elles snakka eg med Rasmus på telefonen i går, og han var ved godt mot. Han må sitte eller ligge med foten høgt slik at hevelsen kan gå ned før han kan bli operert på nytt og få på gips. Enn så lenge er foten stiva av med skinner festa til beinet. Han hadde fått jobba litt også, med laptoppen på fanget.
No skal eg snart steike sei til middag.(Sjekk spøkelset på øvste bildet).

Dagbok 2026: 26.august

Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...