lørdag, desember 07, 2013

Dagbok 2013: 7.desember

Klokka er 19.15. Temperaturen ute er minus 2 grader C. Det har kome ein del snø i dag også. Bildet over er tatt før klokka 11.00 i dag, då Nils var ute og mòka. Han likar best å bruke brettet når snøen er lett og det ikkje er for mykje av den. Det ser nesten ut som om sola skin, det gjorde den ikkje, ikkje her nede hos oss, men det er som eit skin som fargar snøen. Fint var det! Ei lita stund etterpå lava det ned.
Vi hadde gløymt å kjøpe havregryn i går og vi var lens for melk, så det vart ein liten tur på Amfi i dag også. Kjekt å treffe folk og slå av ein prat.
Her er mykje å gå på, konsertar og andre arrangement nesten kvar dag, men vi kjem oss liksom aldri av garde om vi ikkje er "nøydde". Komande tysdag er det julemøte i pensjonistlaget, før møtet skal vi dekke bord og eg skal til frisør, så då blir det full fart.
I morgon har eg tenkt å steike krumkaker, viss det ikkje blir så fint vêr at vi må ut og gå tur. Julegåver har eg ikkje kjøpt enno, må ha ein prat med Margrete på mandag først. Viss eg ikkje veit kva eg skal ha, blir eg berre gåande og vime.
Juleførebuingane mine går for det meste ut på å strikke, og det gjer eg heile kveldane. Så kan eg lese eller sjå TV på samme tid.
Det viktigaste er at alle er nokonlunde friske og har det bra i jula. Alt det andre er mindre så viktig.
Ønsker alle ei fin adventstid!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

I dag har det vore vakkert ute, med kvit snø, reine julestemninga. Eg har tatt det roleg etter Bergensturen, men no fekk eg lyst å steike krumkaker, når eg les at du er i gang med det. Ønskjer dokke ein fin søndag.
Eidabesta

Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...