søndag, desember 08, 2013

Dagbok 2013 - 8.desember


Klokka er 15.00, temperaturen ute er minus 3 grader C, og det er nydelig vêr. Men då eg nettopp var ute og gikk ein liten tur, såg eg at mørkare skyer var på veg.
I dag hadde eg tenkt å steike krumkaker, og når eg først har bestemt meg, skjer det. Plar lage to porsjonar, ein til Margrete og ein til oss, men i dag laga eg berre ein stor porsjon og delte på to. Det er litt av ei tolmodigheits-prøve for slike som meg å halde på med slikt, men med Vetle Lid Larsen si bok "1001 natt" i øyret gikk det bra.
Etterpå vart det ein liten tur rundt Storebakken med broddar på skorne, noko eg synest er nokså ubehagelig, men betre enn å dette. Det er framleis fint og lyst ute, så eg måtte ta nokre bilde av den nydelige himmelen, då ser det litt mørkare ut enn det eigentlig er.
Vi har ikkje laga middag enno, men i løpet av dagen finn vi vel eitkvart i ein av dei mange overfylte frysarane våre.
I mellomtida skal eg strikke ferdig enda ein lest.

3 kommentarer:

solveig sa...

Du som kan bake ein kvardag, bør no sjå veret an! Samtidig må ein bake når ein har greidd å bestemme seg for det. Her har komfyren vore opptatt i heile dag. Dei som har lyst, får bake.

Besta sa...

Eg har ALDRI lyst å bake, med unntak av brød. Og søndagane har butikkane stengt, så eg kan ikkje stikke av ned på Amfi. Det blei no ein tur ut likevel.

solveig sa...

Det er greitt når ein bakar noko ein liker ...

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...