torsdag, juni 05, 2008
Dagens lydbokfangst på biblioteket.
onsdag, juni 04, 2008
Blå favorittar.
Litt seinare kjem dei høge himmelblå riddersporane som er mine absolutte favorittar.
Den rosa "symfonien" på trappa ser ut til å klare seg bra med minimalt stell.
Sjekk rosa! Der er stor fargeskilnad på knoppar og utsprungne roser!
Peon i knopp.
Hagevandring.
Gjekk ut i hagen med fotoapparat for å prøve å finne noko fint å legge inn på bloggen, men eg vart sørgelig skuffa. Nesten alt var enten avblomstra eller berre på knoppstadiet.No skal eg ikkje vere så pinglete at eg ikkje torer å presentere elendigheita.Kassane utanfor kjøkenglasa er i alle fall fine.
Her ser de gamle valmuar som stammar frå bestemor sin hage på Hildegard. Dei har vi ein god del av.
Utrønå
..er det lokale namnet for solgangs-brisen som kjem utpå dagen på varme dagar. Men det er ikkje alltid den kjøler oss nok ned, derfor har vi kjøpt oss ei eiga "utrøne". Dvs. Nils kjøpte den eigentleg for å halde flugene vekke mens han styrte med fisk, men så fann vi ut at vi kunne bruke den til andre formål også. Så no solar vi oss i ein herlig bris same kor heitt det er.
Likevel kan det bli nok varme!Det er ikkje utan grunn eg sit inne og bloggar midt på varme solskinnsdagen!Pluss 28 grader i skuggen på baksida av huset!
tirsdag, juni 03, 2008
Fersk småsei. Nam!!!
I dag var Nils komen på sjøen lenge før eg hadde tenkt på å vakne. Han var heldig med veret, for her var dammande stilt på fjorden.Han fekk god fangst, og meir småsei enn vi greier å ete opp, så då vart det litt på andre pensjonistar også. Vi er kanskje siste generasjonen som synest det er ein delikatesse? Dei unge vil vel ikkje ha fisk med bein i! Eg gler meg til middag. Her går det med store mengder til to personar. Sunt og magert!!!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026:22.november
Klokka er no17.56 .Temperaturen ute er minus3grader og det er klarver, står det på PC-en min. Eg har berre så vidt vore ute ein tur, for å h...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...