onsdag, juni 04, 2008

Blå favorittar.

Har ein heil liten "åker" med iris som eg fekk med ein nabo fordi ho hadde meir enn nok av den sorten. Eg synest dei er fine, er så glad i blå blomster.
Litt seinare kjem dei høge himmelblå riddersporane som er mine absolutte favorittar.
Den rosa "symfonien" på trappa ser ut til å klare seg bra med minimalt stell.
Sjekk rosa! Der er stor fargeskilnad på knoppar og utsprungne roser!



Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 29.mai

 Klokka er no 22.00, temperaturen ute er +13graderC og det regnar, Tidlegare i dag var det opplett ei stund og ikkje så verst temperatur. På...