lørdag, februar 28, 2026

Dagbok 2026: 28.februar

       Slik såg det ut på plenen i dag ettermiddag-den siste dagen i februar.


KLokka er no19.00, temperaturen ute er no +1grad C. Det har vore ein fin dag, men eg har ikkje vore mykje ute likevel. På føremiddagen var eg ein tur på butikken, og etterpå sovna eg rett og slett på dagsenga mi. Sov ikkje så lenge men eg trur det gjorde godt. Eg har gjort lite og ingenting i dag,mykje for å spare handa mi, for ho vil liksom ikkje bli heilt bra. I dag fekk eg vite at Margrete også hadde fått ei vond hand, og det er no noko heilt anna når ein skal vere ute i arbeid. Eg kan no berre slappe av-det kan ikkje ho. Håper ho vert bra om ikkje alt for lenge. Vi treng hendene våre.

Det har vore eit utruleg fint ver i dag, med sol frå morgon til kveld, så eg angra litt å at eg ikkje gjekk på Fonnvernet til dømes. Denne dagen har gått fort unna utan at det har hendt så mykje. Eg var oppe hos Marit ei stund no på ettermiddagen. Men eg ville ned å sjå på min TV no når kvelden kjem. Eg har ikkje fått den nye fjernkontrollen enno, men eg greier meg bra med den svarte så lenge.

Eg har ingen planar for morgondagen, men viss veret er fint vil eg no komme meg ut på tur.
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:21.mars

 Klokka er no20.44,ttemperaturen ute er+5 grader C.og eg trur det regnar litt. Dette har vore ein forferdelig dag for meg, for høgr/re handa...