Dette rommet kallar eg kontoret mitt. her har eg datamaskin,printer og mykje anna som eg har bruk for, Eg har til og med ei seng om eg skulle få lyst å ta meg ein blund. Her sit eg og les nyhende og anna på PC.en og her sit eg no og skriv blogg,Eg er veldig glad i dette rommet, for her kan eg samle alt rotet mitt. Eg har ein god varmeomn her, så eg kan få rommet varmt på nokre minutt.
Klokka er no 1850, temperaturen ute er + 5 graderC og det regnar, Eg har ikkje vore ute for ei dør i heile dag, og eg har vore her åleine heile tida. Det meste av tida har gått med til å løyse sudokuar i Møre -Nytt. I fleire år har eg drive med det og har ikkje hatt så mykje jobb med det, men etter kvart har vi fått vanskelegare oppgåver, så no må eg av og til melde pass. I dag gjekk nesten heile tida med til å løyse gåtene. Eg tok meg så vidt tid til å lage litt mat innimellom.
Men det er ikkje så mykje anna eg kan gjere, for etter att eg begynte å vaske ned vegger etc, på stova, vart handa mi mykje verre igjen, så det er ikkje så mykje eg kan bruke den til, den er låk heilt opp i skuldra. Det var veldig irriterande at det skulle gå slik, for no veit eg no aldri kva tid eg blir bra.Eg kan no sjølvsagt gjere det mest nødvendige i huset. Men eg vil gjere meir!. Men no ser eg apå klokka at eg må gå inn i stova og sette på TVen. Eg ønsker alle ei fin helg uansett!!!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar