No er det nesten ikkje is og snø att på tunet, det har der vore i heile vinter, meir og mindre . Vi har eigentleg hatt veldig lite snø denne vinteren.
Klokka er no19.15, og eg gjekk frå nyheitene for å skrive blogg, eg ser sikkert nok nyheiter i løpet av dagen og kvelden, og ikkje alt forstår eg meg på. Det er ikkje slikt vi er vande med å sjå og høyre, dette vi høyrer om no liknar meir på ein krim-roman. Nok om det.
I dag då eg vakna var eg veldig låk i handa mi igjen, og ikkje berre handleddet, men heilt opp i skuldra. Eg angra på alt eg hadde gjort dvs. jobba med -i heimen- Eg fekk Marit til å skrive melding til Treninga om at eg ikkje kom i dag. Men eg hadde ei avtale med Einar klokka 13, då skulle vi på kafe og ete sushi. Eg håpte at eg skulle bli betre før den tid. Og det blei eg.
Eg fekk vaska håret under den nye dusjen og eg vart betre og betre etter kvart, så eg var heilt i orden då Einar kom. Vi fann sushi-kafeen i Volda med ein gong, den er på same plassen som siste eg åt sushi-og det er lenge sidan. Vi måtte vente bra lenge på maten for der var berre ein mann på jobb. Det var godt med sushi, det var berre at eg fekk ikkje til å ete den, men han som hadde laga den kom med gaffel og kniv til meg (eg hadde klart meg med berre gaffel)
Einar hadde ikkje all verda med tid i dag, så vi køyrde beine vegen til Ørsta og handla på KIWI. Litt kaffi og is hadde vi tid til før Einar måtte fare. Han skulle reise med fly til Oslo i morgon.
Som sagt ser eg mykje nyheiter på TV, og eg set og ser alt for mykje, det var noko som eg begynte med mens eg strikka, og sant å seie forstår eg ikkje alt som går føre seg for tida. For morgondagen har eg ingen planar, eg kjem kanskje til å vaske litt, men det er ikkje sikkert. Å gå på byen åleine det synest eg ikkje er så kjekt, men det kan no hende eg må ned å kjøpe diverse. Eg var lens for diverse tablettar, men dei fann eg påKIWI, så då slapp eg å fare på apoteket i dag.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar