onsdag, februar 25, 2026

Dagbok 2026: 25.februar


Marit her ein gammal katt som heiter Lollo. Katten får veldig godt stell med Marit. Men av og til er Marit bortreist og då brukar eg å gi Lollo mat.Det er Marit som kjøper maten altså. Av og til vil Lollo ha av den maten som eg har og då kjem ho ned på trappa til meg. Der var ho akkurat no då eg skulle ut og lese av temperaturen-den var faktisk heile 6 grader +. Eg har ikkje vore ute i dag men har no sett at det både regnar og blæs-

I går hadde eg energi til tusen og gjorde ganske mykje i huset av vasking og anna. Det straffa seg i dag, for eg hadde berre tenkt på handleddet og gløymt at heile armen var låk. Så i dag har eg vore litt rolegare.  Litt har eg no gjort i huset , men ikkje alt som eg gjerne ville gjere.  Greit nok å ha ein liten kviledag også.
Men det er noko som ergrar meg veldig og det er den vanskelegaste sudokuen i Møre-Nytt. Eg greier som regel å komme i mål. men no har eg bala heilt sidan fredag utan å få det til- og då føler eg meg passe dum. Det er no mykje ein skal ergre seg over då, eg får vel berre godta at eg ikkje er eit geni.  
No kom eg på  Trump   -   han har store tankar om seg sjølv ,det er no heilt på viddene  det han trur om seg sjølv. Det er nesten morsomt å høyre på. Ja, eg har hatt TV-en ståande på det meste av dagen, sidan eg har vore inne. Det hadde vore heilt greit, berre eg hadde kunna strikka. 
I morgon skal eg på trening og litt seinare kjem Einar og då skal vi til Volda og ete sushi. Det er han som har funne på det, og når eg tenkte meg om så var det veldig lenge sidan eg hadde ete sushi, så det gleder eg meg til.No skal eg ned i kjellaren og sjå om kleda har tørka i trommelen. Eg har no gjort LITT i dag,har støvsuga teppegolva mellom anna.

 

 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 25.februar

Marit her ein gammal katt som heiter Lollo. Katten får veldig godt stell med Marit. Men av og til er Marit bortreist og då brukar eg å gi Lo...