søndag, mars 01, 2026


 Ny månad, MARS, med bilde av meg og dei to oldebarna mine ,Amund og Tobias.

 Klokka er no16.05, litt tidleg å skrive blogg, men eg trur ikkje det hender så mykje meir i dag, eg er heime og aleine , og det har eg vore i heile dag. Det er heilt greit , men eg skulle ønske eg kunne bruke hendene mine litt meir. No har eg sete og høyrt musikk på datamaskina, ei lang stund  Men eg har no vore ute ein tur tidlegare i dag.

No trudde eg det skulle vere bra å gå på Vernet igjen, rekna med at der var bert, så eg gjekk i vanlege støvlettar.. Eg kom ikkje så langt før eg såg at det ville bli problem, fordi der var mykje is både her og der, Detn vanlege vegen opp gjekk ikkje, men eg tok den vegen som ligg nedanfor sjølve Vernet og kom meg opp til trappa så vidt.

Oppe på Vernet var der også snø og is,, men det var midt i vegen, på sidene var det bert.

Her var det fint å gå, og så kjekt å komme opp der igjen og sjå den fine utsikten.

                                                  Og sola er alt høgt over Melshornet.

Eg håper at eg blir i form til å gå denne turen veldig ofte heretter, for det er så overkomeleg om ein ikkje er så altfor sprek. Og ein treffer alltid ein kvan å prate litt med anten ein kjenner dei eller ikkje.

Etter at eg kom heim sat eg litt på altanen, men der var det ikkje så veldig varmt, så eg gjekk i hus og tok meg litt mat før eg sette meg inn til datamaskina. Eg kunne tatt bilen og køyrt ein tur viss eg ville, men det er ikkje så kjekt å fare åleine. det er mykje eg ikkje kan gjere når eg har ei låk hand, men eg håper på å bli bra om ikkje altfor lenge. Eg har i alle fall registrert at det ikkje er lurt å prøve seg på litt krevande oppgåver.  Det er no verre for Margrete å ha ei vond hand enn det er for meg.


Ingen kommentarer:

 Ny månad, MARS, med bilde av meg og dei to oldebarna mine ,Amund og Tobias.  Klokka er no16.05, litt tidleg å skrive blogg, men eg trur ikk...