tirsdag, februar 17, 2026

Dagbok 2026: 19.februar

 Klokka er no 19.40, temperaturen på trappa er minus2 graderC, : Det hadde kome ein god del ny snø i natt og meir og meir blei det utover dagen. Det har vore ein innhaldsrik dag,for vi har vore på tur. Med "vi"meiner eg  Svein Nordal, Margrete og eg. 


Svein med ny El-bil. Han henta meg her på morgonen, og  eg måtte vasse litt for å kome meg inn i bilen. Ferje over til Folkestad der Margrete kom på. Og så vart 
det å køyre i vinterlandskap heilt til Eid, der vi stoppa  ved Hildenes gartneri ei lita stund før vi for vidare til "Hildegard", huset til besteforeldra mine som bror min tok over. Dei som bur der no er kona hans og eit av barnebarna  med kone og barn, ein liten gut. Dei bur i leilegheilta som mamma hadde då ho var der. Det er ikkje så ofte vi treffast så det var veldig kjekt å møte så mange i dag .

Vi køyrde ein annan veg heim -frå Hjelle tok vi til høgre og køyrde etter kvart langs Hornindalsvatnet og til Grodås og vidare heilt til Volda, der vi tok ein tur på Marias, og åt ein lett rett som liksom vart middag i dag.

Svein køyrde meg heilt heim og her vart eg møtt av eit nedesnødd tun. Ja, vi har hatt ein lett vinter utan særleg mykje snø til no, så vi får  berre finne oss i det. Her hos meg er det vel framleis is under snøen. Eg har hatt ein kjekk dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 19.februar

 Klokka er no 19.40, temperaturen på trappa er minus2 graderC, : Det hadde kome ein god del ny snø i natt og meir og meir blei det utover da...