Klokka er no 17.20, temperaturen ute på trappa er så vidt under 0. Det har vore ein stråland vakker dag, men den for så fort over. Eg vart litt skæmd av all snøen som var komen i løpet av natta, Korleis i all verda skulle eg komme meg ut og eventuelt ta ut bilen. Men eg slapp å gruble så lenge, før nabo Helge hadde rydda heile tunet, Eg tok snøen av trappa litt seinare, og salta, så eg håper at der ikkje kjem is. Det er ikkje så enkelt for meg å moke, med ein gammal vond rygg og ei betent arm.. Så tusen takk til Helge nabo.
Eg gjekk ein tur opp til Marit og gav henne eit lite referat frå gårsdagen.
Så var det tid for litt lunsj/middag og etter maten sette eg meg til med ein sudoku.Då eg var ferdig, oppdaga eg ein feil, så det vart litt irriterande-
Eg har no sagt at eg skal ha vaskedag om onsdagane, men eg syntest ikkje det var naudsynt med vask i dag, så det vart berre klesvask.
Eg hadde no håpa at det kom besøk i dag sidan det er skuleferie, men det kjem no fleire dagar. Ei veke ferie er ikkje så mykje, men eg hugsar at Nils og eg reiste til Kanariøyane i ein vinterferie- langt å reise for kort tid. Men eigentleg var det lenge nok.
Anten det kjem nokon i morgon eller eg blir åleine, så må eg til Vik, for no er klokka mi heilt utilregneleg , så anten er det berre batteri som manglar eller så er klokka lei av livet og vil slutte av.
Det vart så fint ver utover dagen, sola kom og var framme lenge og skein inn i stova, men no har eg lagt litt i omnen for å få det skikkeleg varmt. Varmepumpa står på heile døgnet. Det har vore nokså kaldt ei stund, så eg har brukt opp mykje av veden min. Det kan hende eg må kjøpe meir, for eg nektar å sitte inne i stova og fryse.Det er eg for gammal til. Eg hadde sikkert fått ein sekk eller to med Rasmus,for han driv no og "vedar" i skogen men han er litt langt borte.
I dag fyller sambuaren til Amanda 30 år. Gratulerer med dagen Martin!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar