Eg var ikkje heilt i form då eg stod opp i dag, men det var ikkje noko som feilte meg, berre litt trøtt, trur eg. Eg venta at Solveig kom i dag, og det gjorde ho. Men Øystein skulle til Volda. For at Solveig skulle kunne sette bilen ned på tunet, tok eg og køyrde(Rygga) opp til gata med min bil 3 gonger. Det gjekk fint, for det låg ikkje så veldig mykje snø oppå isen. Men då Solveig kom sette ho i gang å moke skikkeleg (Eg er ikkje så nøye på det.)
DÅ ho var ferdig skulle vi til VIK, eg hadde ærend med å få nytt batteri til klokka mi mellom anna.Eg har gått fleire veker med ei klokka som nesten aldri var rett. I går kveld vart eg så trøtt og såg på klokka, og den var berre halv 8-den var fleire timar forsinka. Hos urmakaren, som eg brukar å gå til, var døra stengt, men på Alti fekk eg nytt batteri, så no går klokka-som ei klokke. Solveig og eg gjekk på kafeen og kjøpte oss kaffi og nokre digre kakestykke som var veldig gode. Solveig handla litt til barnebarna sine på ein butikk. EG var ikkje i handlemodus i dag. Eg hadde tenkt å gå og sjå meg ut nye briller, men så hadde eg pussa dei gamle så eg såg meir enn godt nok.
Eg forstår ikkje kvar siste veka vart av-i morgon er det fredag og nye sudokuar -og eg har no nettopp løyst dei som kom sist. Eg har no hatt vinterferie, så det er vel det som gjer at tida har gått så fort. Men det har vore ei kjekk veke med mykje innhald. Komande veke blir det vel å gå på trening igjen. Legen sa at eg kunne trene -men ikkje bruke høgre armen enno. Den er veldig vond med det samme eg står opp, men så kjenner eg ikkje så mykje meir til den, viss eg passar på å ikkje bruke den . Ein gong vert den vel bra, kanskje. Eg saknar veldig å få strikke, elles brukar eg no handa til diverse- den er no ikkje heilt ubrukeleg. Sola var så vidt framme i dag, men ikkje så mykje at ho varma, så no måtte eg legge innpå litt ved i tillegg til at varmepumpa står på.Men vi har no hatt ein fin vinter til denne tid.
Eg har ikkje vore opp til Marit i dag, og no er det for seint. Det er mykje å følgje med på TV for tida, både sport og forbrytelsar, og TV-en min funkar bra utan den vanlege fjernkontrollen. Erlend har bestilt ny til meg -eg irriterer meg litt over at så mange butikkar har flytta bort i Furene, før var her fleire elektrisk-butikkar i sentrum.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar