mandag, februar 16, 2026

Dagbok 2026; !6.februar

Klokka er no 15.22, temperaturen ute på trappa er +4 grader, det er overskya, men opplett.  Eg har liksom vinterferie eg også, men eg måtte no finne noko å gjere likevel. Det vart til at eg tok ned julegardinene og no held eg på å vaske og henge opp dei gardinene som eg brukar resten av året. Det er så greit, eg vaskar dei i maskina og tek dei rett derifrå og  henger dei opp. Moderne gardiner skal ikkje strykast, men det fann eg ikkje ut med det samme. Det einaste som er littplundrete er å få dei opp att på opphenget. No har eg fått opp dei tre første , dei tre andre er i maskina enno.

Margrete og Svein skulle på tur ril Eid i morgon og eg skulle få vere med. Eg har kontakta Bodil slik ho veit at vi kjem, og Hilde ville visst komme også, for ho har og vinterferie. Det er ikkje så ofte eg er på Eid, og det er Voldafjorden si skuld, for nå ein først har kome over den så går resten greit.Eg synest det er kjekt å sjå heimatt av og til, men ingen ting er som før. Eg har tross alt budd 60 år her i Ørsta, så det må no vere "heime" no.No må eg sjå om resten av gardinene er ferdigvaska så eg får dei også opp. Det er 6 lengder i alt.


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026; !6.februar

Klokka er no 15.22, temperaturen ute på trappa er +4 grader, det er overskya, men opplett.  Eg har liksom vinterferie eg også, men eg måtte ...