søndag, februar 15, 2026

Dagbok 2026: 15. februar

Klokka er no16.10 og eg kom nettopp att frå ein liten luftetur. I dag har vi ikkje hatt så fint ver som vi var blitt vande med no. Det er overskya, men opplett, men vi saknar sola både inne og ute. I går kunne eg slå av varmepumpa fordi sola varma så så godt. I dag måtte eg til med litt ved fordi varmepumpa ikkje var nok.

Eg vil ikkje seie at eg har kjeda meg i dag, for det er no heilt opp til meg sjølv kva eg kan finne på. I dag har eg sett mykje sport på TV, det var kjekt at eg fekk det til med fjenkontrollen som eg ikkje brukar til vanleg. Eg er ikkje så interessert i all sporten, men det kan no vere greitt å vere litt orientert.

Eg fann ut at eg måtte komme meg ut og gå tur, men eg var litt lei av å gå samme ruta kvar gong, så i dag gjekk eg motsett veg og avslutta med Storebakken nedover. I dag såg eg noko eg ikkje har sett før. Der var skilt som viste at ein ikkje kunne køyre opp Starebakken på eine sida og ned den andre.

Det galdt vel berre den vegen eg kom i dag. Det visste eg ikkje den dagen eg gjorde det fordi der var stengt i Olavsgata  på grunn av tre-felling. 

Eg saknar sola i dag , men det vil eg vel gjere mange dagar no, snø skal det viss komme også, og då blir det styr å moke tunet som enno er fullt av is og snø.

No skal eg lage meg ein kaffikopp med noko attåt. Komande veke skal eg ikkje på trening fordi det er vinterferie, men Solveig har no lova å komme på besøk ein av dagane. Kjekt å ha nokon å gå på "byen" med, eg likar ikkje så godt å gå åleine. Og så eg det somme ting ein må ha hjelp til-eg skal til dømes ha nye briller.

 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 15. februar

Klokka er no16.10 og eg kom nettopp att frå ein liten luftetur. I dag har vi ikkje hatt så fint ver som vi var blitt vande med no. Det er ov...