lørdag, februar 14, 2026

Dagbok 2026: 14.februar

                                                       På toppen av Storebakken


 Klokka er no18.26, temperaturen ute er minus 4 grader og det er klart. Enda ein fin februardag har gått over i historia, Så mange fine og solfylte dagar som vi har hatt denne månaden har vi neppe opplevd før, og noko av det beste er at det ikkje har vore sprengkulde slik vi ofte opplevde før i tida.

Eg vakna tidleg i dag, som vanleg, og laga meg frokost, men så syntest eg det var litt tidleg å stå opp, så eg gjekk og la meg att og sovna.

Då eg var oppe igjen gjorde eg meg klar og for på butikken og handla litt matvarer; eg synest eg kjøper relativt mykje mat, når eg tenker på at eg bu åleine.Men eg er no glad i mat, så.......

I dag hadde eg lyst å gå på Vernet, for i dag hadde eg telefonen opplada så eg kunne ta bilde. Eg var på veg opp, men snudde, det var altfor mykje is til at eg kunne gå trygt. Så det vart til at eg gjekk på vegen i dag også-opp Storebakken og nedatt på andre sida, som vanleg. Det er sikkert ein tur som er like lang som ein runde på Vernet, men ein går trygt.

Etter at eg hadde laga meg "middag" og ete, skulle eg sette på TV-en. 

Eg har ein del trubbel med TV.en for tida, for den "dingsen" eg brukar til av og på til vanleg er ikkje i orden, så eg må bruke ein annan til eg får ein ny.(Erlend har vore på butikken og bestilt) Eg sende bod på Erlend i dag også, men så greidde eg det sjølv. Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko. No ser eg sport på TV.-frå OL i Italia,for det får eg til. Det kan no vere lurt å følge med kva som skjer i tida. Artig med ho jenta frå Stryn som gjorde det så godt med skiskyting , ho var der i lag med dei to brørne som har dominert den sportsgreina i mange år.

Komande veke er det vinterferie på desse kantar. Det betyr mellom anna at eg ikkje skal på trening, og at Solveig vil komme ein tur inn til meg-det er noko å sjå fram til. Eg går her no med denne handa mi, det er visst ein betendelse  og det er ikkje så veldig vondt, men eg får ikkje strikke .Det går vel over etter kvart, og heilt hjelpelaus er eg no ikkje.

Det minkar på veden min, for det var ein kald vinter, Men no når sola har vore her, har den varma opp så eg  har spart både på veden og straumen nokre timar for dag. Eg brukar å skrive "god helg" på fredagane, men gløymde det visst i går, men så kan eg no ønske alle ei fortsatt God helg. Eg synest vekene går så altfor fort. 

                                                          Ettermiddags-sol

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 14.februar

                                                       På toppen av Storebakken  Klokka er no18.26, temperaturen ute er minus 4 grader og d...