fredag, februar 13, 2026

Dagbok 2026; 13.februar


 Klokka er no 18.40, temperaturen ute er  minus 4 grader og vi har hatt enda ein by soldag, det er ikkje til å tru at ein kunne få ein slik ferbruar. Men no er det visst slutt. Marit har sjekk langtids-vermeldinga og den seier at no skal vi få snø og snø og attar snø. Det forundrar meg ikkje for det veret vi har hatt til no, har vore heilt eventyrlig.

Eg vakna tidleg i dag og stod opp ei stund, men fann ut at eg kunne ligge litt til.

Då eg vel var oppe andre gongen og hadde ete frokost, henta eg inn avisa for å begynne på sudokuane. Det tok ei tid , men eg løyste både den middels og den vanskelege, men det tok si tid, så etterpå åt eg resten av middagen for i går.

Eg ville sjølvsagt gå tur i fineveret, så eg tok på meg pigg skoorne og tok staven og gjekk ut, Er tenkte at i dag skulle eg gå opp på Fonnvernet, berre synd at telefomen hadde flatt batteri-som vanleg. I enden på Starevegen møtte eg naboane mine, dei hadde vore opp på Vernet, men frårådde meg å gå dit, for der var så glatt. 

Mens vi stod der kom der eit par med hund som vi kjende, og heller ikkje dei gjekk på Vernet i dag, Så var det to som gjekk heim og to som gjekk med hund og eg spom gjekk åleine med staven min opp Storebakken og nedatt Fonnavegen, som vanleg. Naboen kunne forklare kvifor dei har hogt ned skogen innafor Fonnavegen, han sa at dei skulle lage ein fort veg til Eldhuset som ligg litt bortafor Ungdomsskulen, og der produserer dei varme til diverse bygg. Eg har ikkje heilt oversikta.

Etter kvart fekk eg på TV-en, Erlend var innom i går kveld og lærte meg å bruke den andre  "brytaren" eller kva det heiter til datamaskina. Han hadde vore og spurt etterpå butikken i Furene, men dei hadde ikkje rette sorten inne, men får det vel snart. Det er så godt å ha Erlend her når eg står fast, så slepp eg å bry Helge så ofte. Eg er visst komen til ein alder der eg ikkje lærer så mykje nytt.

Eg var låk i handa då eg vakna i dag, men den kom seg ut over dagen.

Eg sat faktisk og såg litt sport frå OL , det var eit skøyteløp, men eg har ikkje så veldig interesse av det.

Denne dagen var fridagen min, eg har brukt å vaske på fredagar, men no skal eg ha vaskedag på onsdag og fridag på fredag, så får vi sjå korleis det blir. Eg er så spent på om Solveig og Øystein har fått den nye bilen sin no. Så kan dei kanskje komme og vise den fram?

Det er så lite snø i fjella , men det ordnar seg vel når dei nye snøbygene kjem?

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026; 13.februar

 Klokka er no 18.40, temperaturen ute er  minus 4 grader og vi har hatt enda ein by soldag, det er ikkje til å tru at ein kunne få ein slik ...