torsdag, februar 12, 2026

Dagbok 2026- 12.februar



Klokka er no18.10, temperaturen ute på trappa er minus 3, så kanskje temperaturen er på veg opp. Det har vore ein fin dag med sol i dag også,eg trur ikkje vi har hatt ein slik februar før.

I går kveld då eg la meg, trudde eg at eg var ferdig med verken i handa,så eg friskmelde meg sjølv. Men då eg vakna i dag morgon verkte eg verre enn nokon gong før, så då var eg glad for at eg skulle til legen i dag.Eg møtte opp presis og kom inn nesten med ein gong, og så fekk eg prate med legen som eg har hatt i mange år, men no er det like før ho skal bli pensjonist.Dessverre.

Ho sa akkurat det eg trudde om handa/armen min, det måtte vere betendelse.
 Og då var det å få på igjen bandasjen og salven, slik som Ingvild hadde gjort det første gongen. Men eg kan gå på trening og trene det som ikkje er vondt. Det var om lag som eg tenkte det. Vi snakka om andre ting også, det at ho skal slutte og eg må få ny lege. Ho har ikkje noko ho skulle ha sagt om det,ho bestemmer ikkje kven eg skal få. Vi kunne ha tatt opp det som eg har fått innkalling til i neste månad, men eg syntest det kunne vente og det gjorde ho også. Vi var samnde om ein ting det var at "fastlege" var det beste dei har funne på både for pasientar og legar.

Etter at eg var ferdig der,køyrde eg opp til KIWI og kjøpte noko som eg ville ha til middag, og laga til då eg kom heim. Etterpå var eg så trøtt at eg gjerne kunne ha sovna, men eg fekk liv i TV-en og har sete og sett OL-noko eg er svært lite interessert i. Men eg kan ikkje så mykje med TV-en no når brytaren min ikkje virkar, for den svarte brytaren kan eg ikkje noko med. Erlend har sagt at han skal kjøpe ny, men då må vi bort i Furene. Det er så idiotisk at elektrisk-forretninga i Ørsta skal vere der borte- Før hadde vi minst ei el-forretning i Ørsta sentrum.

No skal eg ein tur opp til Marit, ho er heime åleine. Litt morsomt eg det at han som kjem og tek av og på henne støttestrømper, ættar her frå Starevegen, Rasmus gjekk i samme klasse som faren hans. I morgon er det fredag men eg tok fredagsvasken i går , så i morgon har eg fri.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026- 12.februar

Klokka er no18.10, temperaturen ute på trappa er minus 3, så kanskje temperaturen er på veg opp. Det har vore ein fin dag med sol i dag også...